LibreOffice 25.2 Hjelp
Denne kategorien inneheld dei logiske funksjonane.
Null (0) er lik USANN, alle andre tal er lik SANN.
Tomme celler og tekst i celler vert ignorert
Når alle argumenta er ignorerte, vert feilen #VERDI vist.
Viss eitt argument er direkte tekst (ikkje tekst i ei celle), vert feilen #VERDI vist.
Feil som argument fører til ein feil.
Returnerer SANN viss eit oddetal argument vert evaluerte til SANN.
Argumenta er anten sjølv logiske uttrykk (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer logiske verdiar eller tabellar (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.
ANTEN.ELLER(Logisk 1[; Logisk 2[; … ;[Logisk 255]}])
=ANTEN.ELLER(SANN(); SANN()) returnerer USANN.
=ANTEN.ELLER(SANN(); SANN();SANN()) returnerer SANN.
=ANTEN.ELLER(USANN(); SANN()) returnerer SANN.
Inverterer den logiske verdien.
IKKJE(LogiskVerdi)
LogiskVerdi er ein vilkårleg verdi som kan negerast.
=IKKJE(A). Dersom A=SANN vil IKKJE(A) vere USANN.
Returnerer SANN om alle argumenta er SANN. Dersom eitt av elementa er USANN, returnerer denne funksjonen verdien USANN.
Argumenta er anten logiske uttrykk i seg sjølv (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer logiske verdiar, eller celleområde (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.
OG(Logisk 1[; Logisk 2[; … ;[Logisk 255]}])
Dei logiske verdiane av postane 12<13; 14>12, og 7<6 skal kontrollerast:
=OG(12<13; 14>12; 7<6) returnerer USANN.
=OG(USANN(); SANN()) returnerer USANN.
Matriseformelen {=OG(B1:B10;C1:C10)} gjev ei 1 × 1-matrise med verdien SANN når alle komponentane av B1:B10 og C1:C10 er SANN. Matriseuttrykken ovanfor gjev ikkje eit logisk OG per element og gjev difor ikkje ei matrise med logiske verdiar. Viss du ønskjer å rekna ut eit logisk OG per element, bruk operatoren *, som i matrisesamanheng er logisk OG. Skriv inn matriseformelen {=B1:B10*C1:C10} i eksempelet.
Returnerer SANN om minst eitt argument er SANN. Denne funksjonen returnerer verdien USANN dersom alle argumenta har den logiske verdien USANN.
Argumenta er anten logiske uttrykk i seg sjølv (SANN, 1<5, 2+3=7, B8<10) som returnerer tilbake logiske verdiar, eller celleområde (A1:C3) som inneheld logiske verdiar.
ELLER(Logisk 1[; Logisk 2[; … ;[Logisk 255]}])
Dei logiske verdiane i postane 12<11; 13>22 og 45=45 skal kontrollerast:
=ELLER(12<11; 13>22; 45=45) returnerer SANN.
=ELLER(USANN(); SANN()) returnerer SANN.
Matriseformelen {=ELLER(B1:B10;C1:C10)} gjev ein eindimensjonal verdi på USANN når alle komponentane i B1: B10 og C1:C10 er USANN. Matriseuttrykket ovanfor produserer ikkje den logiske ELLER for kvart element, og produserer dermed ikkje ei matrise med logiske verdiar. For å rekna ut ein logisk ELLER av matriser for kvart element, bruk +-operatoren i matrisesamanhengen. I eksempelet skriv du inn {=B1:B10+C1:C10}.
Den logiske verdien er sett til SANN. SANN()-funksjonen krev ingen argument og returnerer alltid den logiske verdien SANN
SANN() (TRUE på engelsk)
Dersom A=SANN og B=USANN får me følgjande eksempel:
=OG(A; B) returnerer USANN
=ELLER(A; B) returnerer SANN
=IKKJE(OG(A; B)) returnerer SANN
Returnerer den logiske verdien USANN. USANN()-funksjonen treng ingen argument og returnerer alltid den logiske verdien usann.
USANN()
=USANN() returnerer USANN
=IKKJE(USANN()) returnerer SANN
Gjev ein logisk test som skal utførast.
VISS(Test[; Verdi viss sann][; [Verdi viss usann]])
LogiskTest er ein vilkårleg verdi eller eit vilkårleg uttrykk, som kan vere SANN eller USANN.
VerdiVissSann (valfri) er den verdien som vert returnert viss den logiske testen er SANN.
VerdiVissUsann (valfri)er den verdien som vert returnert viss den logiske testen er USANN.
I funksjonane i LibreOffice Calc kan ein utelata parametrar som er merkte som valfrie viss det ikkje kjem ein påfølgjande parameter. For eksempel kan du utelata parameter 4 eller parameter 3 og 4 i ein funksjon med fire parametrar, der dei siste to parametrane er merkte som valfrie, men du kan ikkje utelata berre parameter 3.
=VISS(A1>5;100;"for lite") Viss verdien i A1 er større enn 5, vert verdien 100 returnert, ellers vert teksten for lite returnert.
=VISS(A1>5;;100;"for lite") Viss verdien i A1 er større enn 5, vert verdien 0 returner fordi tomme parametrar vert sette til å vera 0, elles vert teksten for lite returnert.
=VISS(A1>5;100;) Viss verdien i A1 er mindre enn 5, vert verdien 0 returnert fordi den tomme ellesverdien vert tolka som 0, ellers vert 100 returnert.