Databasefunksjonar

Oversyn

Dei tolv funksjonane i kategorien database hjelper deg med å analysera ein enkel database som opptar eit rektangulært reknearkområde som inneheld kolonnar og rader, med dataa organisert med ei rad for kvar post. Overskriftscella for kvar kolonne viser namnet på kolonnen, og dette namnet viser normalt innhaldet i kvar celle i denne kolonnen.

Funksjonane i kategorien database har tre argument, nemleg:

  1. Database. Celleområdet i databasen.

  2. Databasefelt. Kolonnen som inneheld dataa som skal brukast i utrekningane.

  3. Søkjekriteria. Eit særskild celleområde i reknearket som inneheld søkjekriteria.

Desse argumenta er nærare forklarte nedanfor.

Alle funksjonar har same disposisjonskonsept for drift. Det første logiske steget er å bruka dei gjevne Søkjekriteria til å identifisera delmengda med postar i Database som skal brukast i dei følgjande utrekningane. Det andre steget er å trekkja ut dataverdiane og utføra utrekningane knytte til den spesifikke funksjonen (gjennomsnitt, sum, produkt og så vidare). Verdiane som vert handsama er verdiane i kolonnen Databasefelt for dei valde postane.

note

Calc handsamar datoar og logiske verdiar (SANN og USANN) som talverdiar ved utrekningar med desse funksjonane.


Databasefunksjonsargument

Dei følgjande argumentdefinisjonane gjeld alle funksjonane i kategorien database:

  1. Databaseargument

    Database spesifiserer celleområdet som er opptatt av databasetabellen. Den første rada i området inneheld feltnamn og dei neste radene er postar med tilsvarande feltverdiar.

    Ein måte å definera eit celleområde er å skriva inn referansen for cella øvst til venstre, deretter eit kolon (:) og så referansen til cella nedst til høgre. For eksempel «A1:E10».

    Du kan også spesifisera argumentet Database ved å gje vidare namnet på eit namngjeve område eller eit databaseområde. Brukar du eit meiningsfylt namn på celleområdet, kan dette gjera det enklare å forstå kva det inneheld og å lesa dokumentet. Dersom namnet ikkje høver med eit definert område, vil Calc returnera ein #NAMN-feil.

    Andre feil som kan rapporterast som resultat av eit ugyldig Database-argument er #VERDI! og Feil:504 (feil i parameterlista).

  2. Databasefelt-argument

    Databasefelt gjev kolonnen som funksjonen vil bruka til utrekningane etter at søkjekriteria er brukte og dataradene er valde. Argumentet er ikkje relatert til søkjekriteria.

    Gjev Databasefelt-argumenta på ein av desse måtane:

    • Ved å skriva ein referanse til ei overskriftscelle i Database-området. Viss cella har fått eit meiningsfylt namn i området eller i databaseområdet, kan du også bruka dette. Viss namnet ikkje høver til namnet på eit definert område, rapporterer Calc ein #NAMN?-feil. Viss namnet er gyldig men ikkje svarar til berre éi celle, vert FEIL:504 (feil i parameterlista) returnert.

    • Ved å skriva inn eit tal for å spesifisera kolonnen i Database-området, som byrjar med 1. Viss for eksempel Database fyller celleområdet D6:H123, skriv du inn 3 for å indikera overskriftscella F6. Calc ventar ein heiltallsverdi som ligg mellom 1 og talet på kolonnar som er definerte i Database, og ignorerer eventuelle siffer etter eit desimalteikn. Viss verdien er mindre enn 1, rapporterer Calc Feil:504 (feil i parameterliste). Viss verdien er større enn talet på kolonnar i Database, vil Calc rapportere Calc ein #VERDI!-feil.

    • Ved å skrive inn namnet på kolonneoverskrifta ordrett frå den første rada i Database-området og setja hermeteikn rundt overskriftsnamnet. For eksempel "Avstand til skole". Viss strengen ikkje er i samsvar med kolonneoverskriftene i Database-området, rapporterer Calc Feil:504 (feil i parameterlista). Du kan også gjeva ein referanse til ei vilkårleg celle (ikkje innføre områda Database og SearchCriteria) som inneheld den nødvendige strengen.

    Argumentet Databasefelt er valfritt ved funksjonane DTAL.PÅ og DTAL.PÅA, men er nødvendig ved dei andre ti databasefunksjonane.

  3. Søkjekriterium-argumentet

    Søkjekriterium spesifiserer celleområdet som inneheld søkjekriteria. På same måten som for Database, er den første rada også eit feltnamn og dei neste radene er vilkår for dei relaterte felta. Områda Database og Søkjekriterium treng ikkje liggja inntil kvarandre eller på det same arket.

    ÉIn måte å definera celleområdet på, er å skriva inn cellereferansen for cella øvst til venstre, deretter eit kolon (:) og så cellereferansen for cella nedst til høgre. For eksempel A13:B14. Celleområdet kan også spesifiserast ved å senda namnet på eit definert namngjeve område eller eit databaseområde. Viss namnet ikkje samsvarar med namnet på eit definert område, rapporterer Calc feilen #NAMN?.

    Feil:504 (feil i parameterlista) kan også vera eit resultat av eit ugyldig Søkjekriterium-argument .

    Innhaldet i området Søkjekriterium vert forklart meir detaljert i det neste avsnittet.

Definera søkjekriteria

Talet på kolonnar som Søkjekriterium-området brukar, treng ikkje vera det same som breidda på Database-området. Alle overskrifter som vert viste i den første rada med Søkjekriterium må vera identiske med overskrifter i den første rada med Database. Ikkje alle overskriftene i Database treng visast i den første rada med Søkjekriterium, medan ei overskrift i Database kan verta vist fleire gonger i den første rada av Søkjekriterium.

Søkjekriteria vert skrivne inn i cellene i den andre rada og dei etterfølgjande radene i området Søkjekriterium, under rada som inneheld overskrifter. Tomme celler i området Søkjekriterium vert ignorerte.

Lag kriteria i cellene i området Søkjekriterium ved hjelp av samanlikningsoperatorane <, <=, =, <>, >= og >. Viss ei celle ikkje er tom og ikkje byrjar med ein samanlikningsoperator, går programmet ut frå at cella byrjar med =.

Viss du skriv fleire søkjekriterium i éi rad, vert dei kopla saman med OG. Skriv du fleire søkjekriterium i ulike rader, vert dei kopla saman med ELLER.

Du kan setja opp vilkår ved hjelp av jokerteikn viss bruk av jokerteikn er slått på i Tillat jokerteikn i formlar i dialogvindauget → LibreOffice Calc → Rekn ut. Viss det er viktig å vera interoperativ med Microsoft, bør denne innstillinga vera slått på.

Også meir kraftfulle uttrykk kan setjast opp med regulære uttrykk, viss bruken av regulære uttrykk er slått på med Bruk regulære uttrykk i formlar i dialogvindauget → LibreOffice Calc → Rekn ut.

warning

Når du brukar funksjonar der eitt eller fleire argument er søkjekriterium som representerer eit regulært uttrykk, vert det først prøvd å konvertera strengkriteria til tal. For eksempel vert «.0» konvertert til 0.0 og så vidare. Viss dette går bra, vil treffet ikkje vera eit vanleg uttrykk, men eit numerisk treff. Når du brukar eit språk som ikkje brukar punktum som desimalskiljeteikn, som i norsk, vil konverteringa av regulære uttrykk fungera. For å tvinga evalueringa av det regulære uttrykket i staden for eit numerisk uttrykk, bruk eit uttrykk som ikkje kan feiltolkast som numerisk, for eksempel «. [0]» eller «". \ 0» eller «(? I) .0».


Ei anna innstilling som påverkar korleis søkjekriteria vert handsama er valet Søkjekriterium = og <> må gjelda heile celler i dialogvindauget → LibreOffice Calc → Rekn ut. Dette valet kontrollerer om søkjekriteria du gjev for databasefunksjonane må samsvara nøyaktig med heile cella. Når det er viktig å vera interoperabel med Microsoft Excel, bør dette alternativet vera slått på.

Eksempel på bruka av databasefunksjonar

Tabellen nedanfor inneheld eit eksempel på ein databasetabell som vert brukt til å demonstrera korleis du brukar funksjonane i kategorien Database . Celleområdet A1:E10 inneheld fiktiv informasjon om gjestene som er invitert til Joe sin fødselsdagsfest. Denne informasjonen er gjeve for kvar gjest – namn, skoleklasse, alder i år, avstand til skole i meter og vekt i kilo.

A

B

C

D

E

1

Namn

Klasse

Alder

Avstand

Vekt

2

Andy

3

9

150

40

3

Betty

4

10

1000

42

4

Charles

3

10

300

51

5

Daniel

5

11

1200

48

6

Eva

2

8

650

33

7

Frank

2

7

300

42

8

Greta

1

7

200

36

9

Harry

3

9

1200

44

10

Irene

2

8

1000

42

11


Dei følgjande seks eksempla brukar databasetabellen ovanfor, kombinert med ulike søkjekriterieområde.

Eksempel 1

A

B

C

D

E

12

Namn

Klasse

Alder

Avstand

Vegt

13

>600

14


Som i dette enkle eksempelet er det sume tider ønskjeleg (men ikkje essensielt) å leggja området med søkjekriteria direkte under databasetabellen med kolonnane i dei to områda under kvarandre. Tomme oppføringar i søkjekriteria vert ignorerte. I eksempel-databasetabellen ovanfor og med dette søkjekriterieområdet, vert formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;;A12:E14) sett inn i ei tom celle på ein annan stad i arket for å telja kor mange av Joe sine gjester som har meir enn 600 meter til skolen. Verdien 5 vert returnert i og med at Betty, Daniel, Eva, Harry og Irene vert talde.

Merk også at formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;;D12:D13) returnerer nøyaktig den same verdien. Dette viser at søkjevilkårsområdet berre treng å innehalda relevante kolonneoverskrifter.

Eksempel 2

   A   

   B   

   C   

   D   

   E   

12

Alder

Klasse

13

>7

2

14


I dette eksempelet inneheld søkjevilkårsområdet berre to overskrifter, og desse vert ikkje justerte loddrett med de tilsvarande overskriftene i eksempeldatabasetabellen. Sidan det er to forhold i same rada, er desse bundne saman med OG. Med eksempel-databasetabellen ovanfor og dette søkjevilkårsområdet set du inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;; B12:C13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å telja kor mange av gjestene til Joe som er i klasse 2 og større enn 7 år. Verdien 2 vert returnert (nemleg Eva og Irene).

Eksempel 3

   A   

   B   

   C   

   D   

   E   

12

Alder

13

9

14

10


I dette eksempelet inneheld søkjevilkårsområdet berre éi overskrift. Sidan det er to vilkår i dei neste radene, er desse bundne saman med ELLER. Med eksempel-databasetabellen ovanfor og dette søkjevilkårsområdet set du inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;; B12:B14) i ei tom celle ein eller annan staden i arket for å telja kor mange av Joe sine gjester som er anten 9 eller 10 år gamle. Verdien 4 vert returnert (nemleg Andy, Betty, Charles og Harry).

Eksempel 4

   A   

   B   

   C   

   D   

   E   

12

Alder

Alder

13

>=8

<=10

14


I dette eksempelet inneheld søkjekriterie-området to tilfelle av den same overskrifta. Sidan det er to vilkår i den same rada, vert desse bundne saman med OG. Med eksempel-databasetabellen ovanfor og dette søkjekriterie-området, set inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;;B12:C13) i ei tom celle ein annan stad på arket for å telja kor mange av Joe sine gjestar som er mellom 8 og 10 år gamle (begge inkludert). Verdien er 6 (nemleg Andy, Betty, Charles, Eva, Harry og Irene).

Eksempel 5

   A   

   B   

   C   

   D   

   E   

12

Namn

13

F*

14


Dette eksempelet viser bruk av jokerteikn. For at dette eksempelet skal verka slik det er meint, må du slå på jokerteikna i → LibreOffice Calc → Rekn ut.. Med eksempel-databasetabellen ovanfor og dette søkjekriterie-område set du inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;;A12:A13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å telja kor mange av Joe sine gjestar har namn som byrjar med bokstaven «F». Det vert returnert verdien 1 (nemleg Frank).

Eksempel 6

   A   

   B   

   C   

   D   

   E   

12

Namn

13

[ABC].*

14


Dette eksempelet viser bruk av regulære uttrykk. For at dette eksempelet skal verka slik det er meint, må du slå på jokerteikna i → LibreOffice Calc → Rekn ut.. Med eksempel-databasetabellen ovanfor og dette søkjekriterie-område set du inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;;A12:A13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å telja kor mange av Joe sine gjestar har namn som byrjar med bokstaven «A», «B» eller «C». Det vert returnert verdien 3 (nemleg Andy, Betty og Charles).

DHENT (DGET på engelsk)

DHENT returnerer innhaldet i cella (feltet) i den gjevne kolonnen, i den eine rada (databaseposten) som samsvarar med dei gjevne søkjekriteria.

Calc rapporter Err: 502 (ugyldig argument) viss det vert funne fleire treff, eller ein #VERDI!-feil (feil datatype) viss det ikkje vert funne treff. Det vert meld ei VERDI!-feilmelding også viss eitt treff vert funne, men den relevante cella er tom.

Syntaks

DHENT(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Kontroller at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle C13 som skal innehalda 11 (dette søkjekriteriet samsvarar med postar i databasetabellen som har verdien 11 i Kolonnen Alder ).

Set inn formelen =DHENT(A1:E10; "Namn"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad i arket for å finna namnet på dei av Joe sine gjestar som er 11 år gammal. Namnet Daniel vert returnert.

Viss du endrar verdien i celle C13 til «10», vil formelen =DHENT(A1:E10; "Namn"; A12:E13) returnera ein ugyldig argument-feil (Feil:502). Dette viser at fleire postar passar med det gjevne søkjekriteriet (både Betty og Charles er 10 år gamle).

DMAKS (DMAX på engelsk)

DMAKS reknar ut maksimumsverdien på tvers av celler (felt) i den gjevne kolonnen som inneheld talverdiar, i alle radene (databasepostar) som passar dei gjevne søkjekriteria. Tomme celler eller celler som inneheld teikn som ikkje er tal, vert ikkje rekna med.

Returnerer 0 viss det ikkje vert funne treff, eller viss det ikkje finst talverdiar som ikkje er null, i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DMAKS(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Kontroller at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DMAKS(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad på arket for å finna maksimumsavstanden i meter som kvar av Joe sine gjester har til skolen. Verdien 1200 vert returnert.

DMIN (DMIN på engelsk)

DMIN reknar ut minimumsverdien på tvers av celler (felt) i den gjevne kolonnen som inneheld talverdiar, i alle radene (databasepostar) som passar dei gjevne søkjekriteria. Tomme celler eller celler som inneheld teikn som ikkje er tal, vert ikkje rekna med.

Returnerer 0 viss det ikkje vert funne treff, eller viss det ikkje finst talverdiar som ikkje er null, i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DMIN(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DMIN(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad i arket for å finna minimumsavstanden i meter som kvar av Joe sine gjester har til skolen. Verdien 150 vert returnert.

DPRODUKT (DPRODUCT på engelsk)

DPRODUKT reknar ut produktet av alle talverdiar i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle rader (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Tomme celler eller celler som inneheld teikn som ikkje er tal, vert ikkje rekna med.

Returnerer 0 viss det ikkje vert funne treff, eller viss det ikkje finst talverdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

PRODUKT(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set formelen =DPRODUKT(A1:E10; "Alder"; A12:E13) inn i ei tom celle ein annan stad i arket for å rekna ut produktet av aldrane i år på Joe sine gjester. Verdien 279417600 vert returnert.

DSTDAV (DSTDEV på engelsk)

DSTDAV reknar ut standardavviket for prøva basert på talverdiane i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle radene (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Ikkje-numeriske verdiar vert ikkje tekne med.

Returnerer ein #TAL!-feil viss nøyaktig éin post passar med dei gjevne søkjekriteria eller viss det berre er éin numeriske verdi i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Returnerer 0 viss det ikkje finst treff eller viss det ikkje finst talverdiar i cellene i den gjevne kolonnen for de samsvarande postane.

Syntaks

DSTDAV(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle E13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DSTDAV (A1:E10; "Vekt"; A12:E13) i ei tom celle ein annan stad på arket for å rekna ut standardavviket for vektene av Joe sine gjester. Verdien 5,5 vert returnert.

DSTDAVP (DSTDEVP på engelsk)

DSTDAVP reknar ut standardavviket for populasjonen basert på talverdiane i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle radene (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Ikkje-numeriske verdiar vert ikkje tekne med.

Returnerer ein #TAL!-feil viss ingen postar passar med dei gjevne søkjekriteria eller viss det ikkje er numeriske verdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DSTDAVP(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle E13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DSTDAVP (A1:E10; "Vekt"; A12:E13) i ei tom celle ein annan stad på arket for å rekna ut standardavviket for populasjonen for vektene i kg for Joe sine gjester. Verdien 5,18545 vert returnert.

DSUMMER (DSUM på engelsk)

DSUMMER reknar ut summen av alle talverdiar i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle rader (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Tomme celler eller celler som inneheld teikn som ikkje er tal, vert ikkje rekna med.

Returnerer 0 viss det ikkje finst treff eller viss det ikkje finst talverdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DSUMMER(Database; Databasefelt; Søkjekriteria)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DSUMMER(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad på arket for å finna den totale avstanden i meter som alle Joe sine gjestar har til skolen. Verdien 6000 vert returnert.

DTAL.PÅ (DCOUNT på engelsk)

DTAL.PÅ tel kor mange celler (felt) som inneheld dei gjevne kolonnane som inneheld talverdiar for alle radene (datapostane) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Viss det ikkje er gjeve nokre kolonnar, vil DTAL.PÅ returnera kor mange postar som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra, uavhengig av innhaldet.

Syntaks

DTAL.PÅ(Database; [Databasefelt]; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Kontroller at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle C13 som skal innehalda «>600» (dette søkjekriteriet samsvarar med postar i databasetabellen som har ein verdi større enn 600 i kolonnen Avstand ).

Set inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;; A12:E13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å rekna ut kor mange av gjestane ved Joe sin fest som har meir enn 600 meter til skolen. Verdien 5 vert returnert.

Du får det same resultatet viss du brukar formelen =DTAL.PÅ(A1:E10; "Avstand"; A12:E13), fordi alle oppføringane i kolonnen «Avstand» er tal. Brukar du formelen =DTAL.PÅ(A1:E10; "Namn"; A12:E13),vert verdien 0 returnert fordi oppføringane i kolonnen «Namn» ikkje er tal.

DTAL.PÅA (DCOUNTA på engelsk)

DTAL.PÅA tel kor mange celler (felt) i den gjevne kolonnen som ikkje er tomme for alle radene (datapostane) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Tomme celler i den gjevne kolonnen vert ikkje talde. Viss det ikkje er gjeve ei kolonne, vil DTAL.PÅA returnera kor mange postar som oppfyller dei gjevne søkjevilkåret, uavhengig av innhaldet.

Syntaks

DTAL.PÅA(Database; [Databasefelt]; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Kontroller at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle C13 som skal innehalda «>600» (dette søkjekriteriet samsvarar med postar i databasetabellen som har ein verdi større enn 600 i kolonnen «Avstand» ).

Set inn formelen =DTAL.PÅ(A1:E10;; A12:E13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å rekna ut kor mange av gjestane ved Joe sin fest som har meir enn 600 meter til skolen. Verdien 5 vert returnert.

Du får det same resultatet om du brukar formelen =DTAL.PÅ(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) eller formelen =DTAL.PÅ(A1:E10; "Namn"; A12:E13). Det siste tilfellet speglar at I motsetnad til DTAL.PÅ tel DTAL.PÅA både numeriske og alfanumeriske verdiar i kolonnen gjeve av argumentet DatabaseField.

DVARIANS (DVAR på engelsk)

DVARIANS reknar ut prøvevariasjonen basert på talverdiane i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle radene (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Ikkje-numeriske verdiar vert ikkje tekne med.

Returnerer ein #TAL!-feil viss nøyaktig éin post passar med dei gjevne søkjekriteria eller viss det berre er éin numeriske verdi i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Returnerer 0 viss det ikkje finst treff eller viss det ikkje finst talverdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DVARIANS(Database; Databasefelt; Søkjekriteria)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DVARIANS(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad på arket for å finna prøvevariansen av dei avstandane i meter som kvar av Joe sine gjester har til skolen. Verdien 193125 vert returnert.

DVARIANSP (DVARP på engelsk)

DVARIANSP reknar ut populasjonsvariasjonen basert på talverdiane i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle radene (databasepostar) som oppfyller dei gjevne søkjevilkåra. Ikkje-numeriske verdiar vert ikkje tekne med.

Returnerer ein #TAL!-feil viss ingen postar passar med dei gjevne søkjekriteria eller viss det ikkje er numeriske verdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DVARIANSP(Database; Databasefelt; Søkjekriteria)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DVARIANSP(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle på ein annan stad på arket for å finna populasjonsvariansen av dei avstandane i meter som Joe sine gjester har til skolen. Verdien 171666,67 vert returnert.

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

DGJENNOMSNITT reknar ut medeltalet av talverdiane i cellene (felta) i den gjevne kolonnen, for alle rader (databasepostar) som passar med dei gjevne søkjekriteria. Verdiar som ikkje er tal i desse cellene vert ignorerte.

Returnerer ein #DIV/0!-feil viss ingen postar passar med dei gjevne søkjekriteria eller viss det ikkje er numeriske verdiar i cellene i den gjevne kolonnen for dei samsvarande postane.

Syntaks

DGJENNOMSNITT(Database; Databasefelt; Søkjekriterium)

Eksempel

Eksempel-databasetabellen som gjev informasjon om gjestane som er inviterte til Joe sin fødselsdagsfest (omtalt ovanfor), bør oppta cellene A1:E10. Innhaldet i cellene A12:E12 må vera identisk med overskriftsetikettane for databasetabellen i cellene A1:E1. Sjå etter at cellene A13:E13 er tomme, bortsett frå celle D13 som skal innehalda «>0» (dette søkjekriteriet er meint å samsvara med alle postane i databasetabellen).

Set inn formelen =DGJENNOMSNITT(A1:E10; "Avstand"; A12:E13) i ei tom celle ein annan stad i arket for å rekna ut den gjennomsnittlege avstanden i meter Joe sine gjester har til skolen. Verdien 666,67 vert returnert.

Støtt oss!