LibreOffice 7.6 Hjelp
Opnar funksjonsvegvisaren som hjelper deg med å laga interaktive formlar.
Merk ei celle eller eit celleområde i det gjeldande arket før du byrjar vegvisaren. Dette for å bestemma kvar formelen skal setjast inn.
Du kan lasta ned heile spesifikasjonen for ODFF (OpenDocument Format Formula) frå OASIS-nettstaden.
Funksjonsvegvisaren har to faner: Funksjonar vert brukt for å oppretta formlar, og Struktur vert brukt for å kontrollera oppbyggjinga av formelen.
Søk på ein del av funksjonsnamnet.
Viser alle dei kategoriane som dei ulike funksjonane er tildelte. Vel ein kategori for å visa dei tilsvarande funksjonane i listefeltet nedanfor. Vel «Alle» for å sjå alle funksjonane i alfabetisk rekkjefølgje uavhengig av kategori. «Sist brukt» viser dei funksjonane du brukte sist.
Du kan søkja i heile Liste over kategoriar og funksjonar
Denne lista viser funksjonane i den valde kategorien. Dobbeltklikk for å velja ein funksjon. Eit enkeltklikk viser ei kort skildring av funksjonen.
Gjer at den valde funksjonen vert sett inn i det valde celleområdet som ein matriseformel. Matriseformlar opererer på fleire celler. Kvar celle i rekkja inneheld formelen, ikkje som ein kopi men som ein sams formel delt av alle matrisecellene.
Valet Matrix er det same som kommandoen CmdCtrl + Skift + Enter som vert brukt for å laga og bekrefta formlar i arket. Formelen vert sett inn som ein matriseformel vist ved at han vert sett mellom to krøllparentesar { }.
Den maksimale storleiken til eit matriseområde er 128 x 128 celler.
Når du dobbeltklikkar ein funksjon, vert skrivefelta for argument viste til høgre i dialogvindauget. Du kan velja ein cellereferanse som eit argument ved å trykkja direkte i cella eller merkja eit område i arket medan du held nede museknappen. Du kan også skriva numeriske og andre verdiar eller referansar direkte inn i dei tilsvarande felta i dialogvindauget. Når du brukar datooppføringar, må du passa på at du brukar det rette formatet. Trykk OK for å setja resultatet inn i reknearket.
Resultatet vert rekna ut med ein gong når du skriv inn argument i funksjonen. Denne førehandsvisinga informerer deg om utrekninga kan utførast med dei gjevne argumenta. Viss argumenta resulterer i ein feil, vert den tilsvarande feilkoden vist.
Dei obligatoriske argumenta vert viste med halvfeit skrift.
Gjev deg tilgang til eit underordna nivå av funksjonsvegvisaren slik at du kan fletta inn ein annan funksjon i funksjonen i staden for ein verdi eller ein referanse.
Talet på synlege tekstfelt avhenger av funksjonen. Skriv inn argument anten direkte i argumentfelta eller ved å klikka på ei celle i tabellen.
Viser resultatet av utrekninga eller ei feilmelding.
Viser den oppretta formelen. Du kan skriva inn direkte eller laga formelen med hjelp av vegvisaren.
Flytter fokus bakover gjennom formelkomponentane og merkjer dei.
For å velja ein enkelt funksjon frå ein kompleks formel som er set saman av fleire funksjonar, dobbeltklikk på funksjonen i formelvindauget.
Flyttar framover gjennom formelkomponentane i formelvindauget. Denne knappen kan òg brukast til å tildela funksjonar til formelen. Om du vel ein funksjon og trykkjer på Neste-knappen, dukkar funksjonen opp i formelvindauget.
Dobbeltklikk på ein funksjon i utvalsvindauget for å overføra den til formelvindauget.
Avsluttar funksjonsvegvisaren og overfører formelen til dei merkte cellene.
Lukker dialogvindauget utan å overføra formelen.
På denne sida kan du sjå strukturen til funksjonen.
Viss du opnar Funksjonsvegvisaren når cellemarkøren er plassert i ei celle som inneheld ein funksjon frå før, vert oppbygninga av den gjeldande formelen vist i fana Struktur.
Viser funksjonen hierarkisk. Du kan visa eller gøyma argument ved å klikka på pluss- eller minusteiknet framføre.
Blå prikkar viser korrekt innskrivne argument. Raude prikkar viser ukorrekte datatypar. Viss for eksempel eit av argumenta til SUMMER-funksjonen er skrive inn som tekst, vert dette vist i raudt fordi SUMMER berre tillet inntasting av tal.