Set inn ark

Definerer dei innstillingane som skal brukast for å setja inn eit nytt ark. Du kan oppretta eit nytt ark eller setja inn eit eksisterande ark frå ei fil.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Set inn ark


Plassering

Bestemmer kor det nye arket skal setjast inn i dokumentet.

Før det gjeldande arket

Set inn eit nytt ark rett før det gjeldande arket.

Etter det gjeldande arket

Set inn eit nytt ark rett etter det gjeldande arket.

Ark

Angjev om eit nytt ark eller eit eksisterande ark vert sett inn i dokumentet.

Nytt ark

Oppretter eit nytt ark. Skriv inn eit arknamn i feltet Namn. Tillatne teikn er bokstavar, tal, mellomrom og understreksteikn.

Tal på ark

Skriv inn kor mange ark som skal lagast.

Namn

Skriv inn namnet på det nye arket.

Gje nytt namn til ark

Frå fil

Set eit ark frå ei eksisterande fil inn i dokumentet.

Bla gjennom

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei fil.

Tilgjengelege ark

Har du vald ei fil via knappen Bla gjennom, vert arka i denne fila viste i listeboksen. Filstien vert vist under denne boksen. Vel arket som skal setjast inn frå denne boksen.

Lenkje

Kryss av for å setja inn arket som ei lenkje i staden for ein kopi. Lenkjene kan oppdaterast slik at dei viser gjeldande innhald.

Støtt oss!