LibreOffice 7.5 Hjelp
Opnar dialogvindauget Set inn celler . Der kan du setja inn nye celler ut frå innstillingane du gjer.Du kan sletta celler med Rediger → Slett celler.
Dette området inneheld dei tilgjengelege innstillingane for å setja inn celler i eit ark. Talet på og plasseringa av cellene vert definert ved å markera eit celleområde i arket på førehand.
Flyttar innhaldet i det merkte området nedover ved innsetjing av celler.
Flyttar innhaldet i det merkte området til høgre ved innsetjing av celler.
Set inn ei heil rad. Rada vert plassert i området du har valt. Det vert sett inn like mange rader som du har merkt. Innhaldet i dei opphavlege radene vert flytta nedover.
Set inn ei heil kolonne. Det vert set inn like mange kolonnar som det er merkte kolonnar. Innhaldet til dei opphavlege kolonnane vert flytt til høgre.