Formellinja

Viser eller gøymer formellinja, som vert brukt til å laga og redigera formlar. Formellinja er det viktigaste verktøyet når du arbeider med rekneark.

For å gøyma formellinja kan du fjerna merkinga på menyelementet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Formellinje eller Vis → Verktøylinjer → Formellinje


Dersom formellinja ikkje er synleg, kan du likevel redigera celler ved å ta i bruk redigeringmoduset med F2. Når cellene er redigerte, godta endringane ved å trykkja «Enter» eller forkast endringane med «Esc». «Esc» vert også brukt for å avslutta redigeringsmoduset.

Støtt oss!