LibreOffice 7.5 Hjelp
Flytter eller kopierer eit ark til ei ny plassering i dokumentet eller til eit anna dokument.
Når du kopierer og limer inn celler som inneheld datoverdiar mellom ulike rekneark, må begge reknearkdokumenta bruka same basisdatoen. Viss dokumenta ikkje brukar same basisdato, vil den viste datoverdien forandra seg!
Bestemmer kvar det gjeldande arket skal flyttast eller kopierast til. Vel - nytt dokument - dersom du ønskjer å laga ein ny plass til arket som skal flyttast eller kopierast.
Det gjeldande arket vert flytt til eller kopiert inn framføre det valde arket. Innstillinga - flytt til slutten - plasserer det gjeldande arket til slutt.
Spesifiserer at arket skal kopierast. Dersom denne innstillinga ikkje er merkt, vert arket flytt. Å flytta ark er standard.