Slett innhald

Innhaldet som skal slettast frå den aktive cella eller det aktive celleområdet Alle arka som er valde vert påverka.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Ark → Tøm cellene.

Rettetasten


Tipsikon

Du kan også henta fram dette dialogvindauget ved å trykkja på rettetasten når cellemarkøren er aktivert på arket.


Tipsikon

Når du trykkjer på slettetasten, vert innhaldet sletta utan at dialogvindauget vert opna og utan at formatet vert endra.


Tipsikon

Bruk Klipp ut på standardverktøylinja for å slette innhald og format utan å vise dialogvindauget.


Merking

Dette området viser ei liste over innstillingane for sletting av innhald.

Slett alle

Slettar alt innhaldet frå det merkte celleområdet.

Tekst

Slettar berre tekst. Format, formlar, tal og datoar vert ikkje endra.

Tal

Slettar berre tal. Formateringar og formlar vert ikkje endra.

Dato og klokkeslett

Slettar dato- og klokkeslettverdiar. Formateringar, tekst, tal og formlar vert ikkje endra.

Formlar

Slettar formlar. Tekst, tal, formateringar, datoar og klokkeslett vert ikkje endra.

Merknadar

Slettar merknadar som høyrer til ei celle. Alle andre element vert ikkje endra.

Format

Slettar formateringa som høyrer til ei celle. Ingenting av celleinnhaldet vert endra.

Objekt

Slettar objekt. Ingenting av celleinnhaldet vert endra.

Støtt oss!