Fyll inn tilfeldige tal

Fyll eit celleområde med automatisk genererte pseudo-tilfeldige tal med den valde fordelinga og parameterane for denne.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Ark → Fyll celler → Fyll inn tilfeldig tal


Data

Celleområde

Definer celleområdet som skal fyllast med tilfeldige tal. Viss du alt har merkt eit område, vil dette verta vist her.

Generator for tilfeldige tal

Fordeling

Fordelingsfunksjonen for genereringa av tilfeldige tal.

Gyldig fordelingsfunksjon og parameterane for denne er

Fordeling

Parametrar

Einsarta

  • Minimum: Minste verdien for prøven.

  • Maksimum: Største verdien for prøven.

Einsarta heiltal

  • Minimum: Minste verdi til prøven.

  • Maksimum: Største verdi til prøven.

Normal

  • Middelverdi: Middelverdien av normalfordelinga.

  • Standardavvik: Standardavviket av normalfordelinga.

warning

Middelverdi og standardavviket for dei genererte tala treng ikkje vera like middelverdien og standardavviket som er sett inn i dialogvindauget.


Cauchy-fordeling

  • Median: medianen for data- eller lokaliseringsparameterane.

  • Sigma: skaleringsparameteren.

warning

Medianen og sigma for dei genererte tala treng ikkje vere dei same som dataa sette inn i dialogvindauget.


Bernoulli-fordeling

  • p-verdi: Sannsynet for å lukkast.

Binomial

  • p-verdi: Sannsynet for å lukkast ved kvart forsøk.

  • Tal på forsøk: Tale på forsøk i eksperimentet.

Kjikvadrert

  • nu-verdi: Eit positivt heiltal som bestemmer talet på fridomsgrader.

Geometrisk

  • p verdi: Kor sannsynleg det er at kvart forsøk skal lukkast.

Negativ binominell

  • p verdi: Kor sannsynleg det er at kvart forsøk skal lukkast.

  • Tal på forsøk: Tale på forsøk i eksperimentet.

Poisson

  • Gjennomsnitt: Gjennomsnittet av Poisson-fordelinga.


Innstillingar

Bruk sjølvvald startverdi

Sett startverdien for generatoren som lagar tilfeldige tal til ein kjend verdi Startverdi.

Startverdi

Dette er ein verdi som slumpgeneratoren brukar som utgangspunkt for å laga den same sekvensen av pseudo-tilfeldige tal. Set inn eit positivt heiltal (1, 2, …) for å laga ein bestemt sekvens eller la feltet vere tomt viss du ikkje har bruk for ei bestemt talrekkje.

Bruk avrunding

Avkort talet til eit gjeve tal på desimalplassar.

Desimalplassar

Talet på desimalplassar for dei genererte tala.

Støtt oss!