Fyll serie
Lagar automatisk seriar med dei innstillingane gjort i dette dialogvindauget. Bestemmer retning, steg, tidseining og serietype.
Før du kan fylla ut ein serie, må du markera celleområdet som skal fyllast ut.
For å gjere ein serie ferdig automatisk ved hjelp av reglane for gissa fullføring, opnar du dialogvindauget Fyll serie og vel Fyll ut automatisk.
Retning
Bestemmer retninga for serieutfyllinga.
Ned
Lagar ein serie som går nedover i det valde celleområdet i kolonnen ved å bruka den valde stegverdien og sluttverdien.
Høgre
Lagar ein serie som går frå venstre til høgre i det valde celleområdet ved å bruka den valde stegverdien og sluttverdien.
Opp
Lagar ein serie som går oppover i det valde celleområdet i kolonnen ved å bruka den valde stegverdien og sluttverdien.
Venstre
Lagar ein serie som går frå høgre til venstre i det valde celleområdet ved å bruka dei valde stegverdiane og sluttverdien.
Serietype
Bestemmer serietype. Du kan velja mellom lineær, aukande, dato og autofyll.
Lineær
Lagar ei lineær talrekkje ved å bruka den valde stegverdien og sluttverdien.
Vekst
Lagar ei vekstrekkje ved å bruka den valde stegverdien og sluttverdien.
Dato
Lagar ei datorekkje ved å bruka den valde stegverdien og sluttdatoen.
Autoutfylling
Lagar ein serie direkte i arket. Funksjonen autofyll tar omsyn til tilppassa lister. Skriv du for eksempel inn januar i den første cella, vert serien fullført ved å bruka lista som er definert i LibreOffice → Innstillingar Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc → Sorteringslister.
Automatisk utfylling prøver å fullføre ein serie ved å bruka eit definert mønster. Serien 1,3,5 vert automatisk fullført med 7,9,11,13 og så vidare. Seriar med dato og tid vert fullførte på same måten, for eksempel vert det etter 01.01.99 og 15.01.99 brukt eit intervall på 14 dagar.
Fylle inn data automatisk basert på naboceller
Tidseining
I dette området kan du velja den tidseininga som passar. Dette området er berre aktivt viss innstillinga for Dato er vald i området for Serietype.
Dag
Bruk dato-rekkjetypen og denne funksjonen til å laga ei rekkje med alle sju dagane i veka. Eininga for Auke er dag.
Vekedag
Bruk dato-rekkjetypen og denne funksjonen til å laga ei rekkje med berre dei fem verkedagane i veka. Eininga for Auke er dag.
Månad
Bruk dato-rekkjetypen og denne funksjonen til å laga ei rekkje der eininga for Auke er månad.
År
Bruk dato-rekkjetypen og denne funkjsonen til å laga ei rekkje der eininga for Auke er år.
Startverdi
Skriv inn ein startverdi for rekkja. Bruk tal, datoar eller klokkeslett.
Sluttverdi
Skriv inn ein sluttverdi for rekkja. Bruk tal, datoar eller klokkeslett.
Stegverdi
Uttrykket «steg» er kor mykje ein gjeven verdi skal aukast med. Bestemmer verdien som den valde serietypen skal aukast med for kvart steg. Du kan skriva inn ein stegverdi berre når ein av serietypane lineær, vekst eller dato er vald.