LibreOffice 24.8 Hjelp
Definerer eller formaterer ein topp- eller botntekst for sidestilen som vert brukt. Du kan definera ulike innstillingar for den første sida og resten av sidene.
Definerer innstillingane for topp- eller botnteksten for den første sida eller resten av sidene.
Skiljet mellom første side og resten av sidene er avhengig av valet av Same innhald på den første sida i side Topptekst ogBotntekst.
Skriv inn teksten som skal visast til venstre i toppteksten eller botnteksten.
Når Same innhald på den første sida ovanfor ikkje er vald, er det venstre området ikkje tilgjengeleg på den første sida.
Skriv inn teksten som skal visast på midten av toppteksten eller botnteksten.
Skriv inn teksten som skal visast til høgre i toppteksten eller botnteksten.
Vel ein førehandsdefinert topptekst eller botntekst frå lista.
Opnar eit dialogvindauge for å formatere ny eller merkt tekst. Dialogvindauget Teksteigenskapar inneheld faner for Skrift, Skrifteffektar og Plassering.
Teksteigenskapar
Set inn eit filfelt i det valde området. Klikk for å setja inn tittel. Hald knappen inne for å setja inn anten tittelen, filnamnet eller sti/filnamn frå undermenyen. Om du ikkje kan tildela ein tittel (sjå Fil → Eigenskapar), vert filnamnet sett inn i staden.
Filnamn
Set inn ein plasshaldar i det valde området av topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med namnet på arket.
Arknamn
Set inn ein plasshaldar i det valde området av topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med sidetalet. På denne måten kan du få samanhengande sidenummerering i dokumentet.
Side
Set inn ein plasshaldar for talet på sider i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert byt ut med talet på sider i dokumentet.
Sider
Set inn ein plasshaldar for datofelt i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med datoen på alle dokumentsidene.
Dato
Set inn ein plasshaldar for klokkeslett i det valde området i topp- eller botnteksten. Plasshaldaren vert bytt ut med klokkeslettet på alle dokumentsidene.
Tid