Dokumentstruktur

Slår av eller på visinga av dokumentstrukturen. Dokumentstrukturen er eit vindauge som kan festast.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Vis → Dokumentstruktur.

Frå verktøylinjer:

Ikon Dokumentstruktur av/på

Vis/gøym dokumentstruktur

Frå tastaturet:

F5


Dokumentstruktur

Vel Vis → Dokumentstruktur for å visa dokumentstruktur.

Kolonne

Skriv inn kolonnebokstaven. Trykk Enter for å flytta cellemarkøren til den gjevne kolonnen i den same rada.

Rad

Skriv inn eit radnummer. Trykk Enter for å flytta cellemarkøren til den gjevne rada i den same kolonnen.

Dataområde

Avgrensar det gjeldande dataområdet gjeve ved plasseringa av skrivemerket i cella.

Ikon

Dataområde

Start

Gå til cella i byrjinga av området, som du kan markera ved hjelp av knappen Dataområde.

Ikon Start

Start

Slutt

Gå til cella i slutten av dataområdet, som du kan markera ved hjelp av knappen Dataområde.

Ikon Slutt

Slutt

Skift

Slår av eller på innhaldsvisinga. Berre det valde dokumentstrukturelementet og underelementa som høyer til vert viste. Trykk på ikonet igjen for å gjenoppretta elementa.

Ikon Slå av/på

Skift

Scenario

Viser alle dei tilgjengelege scenaria. Dobbeltklikk på eit namn for å velja eit scenario. Resultatet vert vist i reknearket. Vel Verktøy → Scenario om du vil vita meir.

Ikon Scenario

Scenario

Viss dokumentstruktur viser scenario, kan du bruka desse kommandoane når du høgreklikkar på eit scenarioelement:

Slett

Slett det merkte scenarioet.

Eigenskapar

Opnar dialogvindauget Rediger scenario der du kan redigera scenarioeigenskapane.

Dramodus

Opnar ein undermeny for å velja dra-modusen. Du bestemmer kva handling som skal utførast ved dra og slepp av eit objekt frå dokumentstrukturen inn i eit dokument. Avhengig av modusen du vel, vil ikonet visa om det er ei hyperlenkje, ei lenkje eller ein kopi som vert oppretta.

Ikon Dramodus

Dramodus

Set inn som hyperlenke

Set inn ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit objekt frå dokumentstrukturvindauget til dokumentet. Seinare kan du klikka på den nye hyperlenkja for å hoppa til objektet.

note

Dersom du set inn ei hyperlenkje som har referanse til eit ope dokument, må du lagra dokumentet før du kan bruka hyperlenkja.


Set inn som lenkje

Lagar ei lenkje når du dreg og slepp eit objekt frå strukturvindauget til dokumentet.

Set inn som kopi

Lagar ein kopi når du dreg og slepp eit objekt frå strukturvindauget til dokumentet.

Objekt

Viser alle objekta i dokumentet.

Dokument

Viser namna på alle opne dokument. Klikk på eit dokumentnamn i dokumentstrukturvindauget for å visa eit anna dokument. Status (i bruk/ikkje i bruk) vert vist i parentes etter namnet. Du kan byta til eit anna dokument i Vindauge-menyen.

Støtt oss!