UNO-objekt, -funksjonar og -tenester

Funksjonar, objekt og tenester i UNO (Unified Network Objects = felles nettverksobjekt).

LibreOffice Globale objekt

Objektet StarDesktop

Objektet StarDesktop representerer programmet LibreOffice. Nokre rutinar eller brukargrensesnitt-objekt, som det gjeldande vindauget, kan nåast via StarDesktop.

GetDefaultContext-funksjonen

Returnerer standardsamanhengen for prosesstenestefabrikken viss denne finst, elles ein nullreferanse.

GetProcessServiceManager-funksjonen

Returnerer ProcessServiceManager (central Uno ServiceManager).

GlobalScope-spesifikator

For å administrera personlege eller delte behaldarar (program-makroar eller Mine makroar) inne frå eit dokument, brukar du spesifikatoren GlobalScope.

Aktive dokumentobjekt

Desse objekta kan brukast frå det gjeldande dokumentet.

BasicLibraries-objektet

DialogLibraries-objektet

ThisComponent-objektet

ThisComponent representerer det gjeldande dokumentet i Basic-makroar. Den adresserer den aktive komponenten med eigenskapar som kan lesast og setjast, og kva metodar som kan kallast opp. Kva eigenskapar og metodar som er tilgjengelege gjennom ThisComponent er avhengig av dokumenttypen.

ThisDatabaseDocument-objekt

ThisDatabaseDocument adresserer det gjeldande Base-dokumentet som du kan lesa og setja eigenskapane for og også kalla opp metodane for dette.

ThisDatabaseDocument returnerer eit objekt av typen com.sun.star.sdb.XOfficeDatabaseDocument.

UNO-metodar

Bruk desse metodane for å administrere eller spørja Unified Network Objects (UNO).

CreateUnoDialog-funksjonen

Lagar eit Basic Uno-objekt som representer ein Uno-dialogkontroll under køyring av Basic.

CreateUnoListener-funksjonen

Lagar ein lyttarinstans

CreateUnoService-funksjonen

Startar ei UNO-teneste med ProcessServiceManager.

CreateUnoServiceWithArguments-funksjonen

Byrjar ei UNO-teneste med ProcessServiceManager, inkludert valfrie tilleggsargument.

CreateUnoStruct-funksjonen

Lagar ein førekomst av ein Uno-strukturtype.

CreateUnoValue-funksjonen

Returnerer eit objekt som inneheld ein nøyaktig innskrive verdi som refererer til typesystemet Uno.

EqualUnoObjects-funksjonen

Returnerer Sann viss dei to spesifiserte Basic-variablane representerer den same Uno obkjektførekomsten.

HasUnoInterfaces-funksjonen

Undersøker om eit Basic Uno-objekt har støtte for bestemte Uno-grensesnitt.

IsUnoStruct-funksjonen

Returnerer SANN viss det gjevne objektet er ein Uno-stuct.

CreateObject-funksjonen

Lagar eit UNO-objekt. Kan i Windows også laga OLE-objekt.

Denne metoden lagar førekomstar av typen som vert sendt som parameter.

note

LibreOffice inneheld eit API (Application Programming Interface) som kan brukast for å styra ulike komponentar i LibreOffice ved hjelp av ulike programmeringsspråk og LibreOffice SDK (Software Development Kit). Du kan finna meir (på engelsk) om API og SDK i LibreOffice på https://api.libreoffice.org.


Støtt oss!