ThisDatabaseDocument-objekt

ThisDatabaseDocument adresserer det gjeldande Base-dokumentet som du kan lesa og setja eigenskapane for og også kalla opp metodane for dette.

ThisDatabaseDocument returnerer eit objekt av typen com.sun.star.sdb.XOfficeDatabaseDocument.

Syntaks:


       ThisDatabaseDocument
    

Når det aktive vindauget ikkje er relatert til eit Base-dokument, vil ThisDatabaseDocument returnere Nothing (ingenting).

tip

Når det gjeldande vindauget er Basic-IDE-en, vil objektet ThisSatabaseComponent returnere databasen som eig det gjeldande skriptet.


Eksempel:

Opning av den gjeldande databasen «formName» og maksimering av han kan gjerast som vist:


        Dim form As Object
        ThisDatabaseDocument.CurrentController.connect("","")
        form = ThisDatabaseDocument.FormDocuments.getByName("formName").open )
        form.currentController.frame.ContainerWindow.IsMaximized = True
    

Støtt oss!