StrConv-funksjonen

Konverter ein streng som spesifisert med ein konverteringstype.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

StrConv(tekst, konvertering, [ LCID ])

Returverdi:

String

Parametrar:

Tekst: Kva gyldig strenguttrykk som helst.

Konvertering: Kva type konvertering som skal utførast, slik som definert i tabellen nedanfor.

Konvertering

Verdi

Beskriving

vbUpperCase

1

Konverterer Tekst-teikn til store bokstavar.

vbLowerCase

2

Konverterer Tekst-teikn til små bokstavar.

vbProperCase

3

Konverterer den første bokstaven i kvart ord i Tekst til stor bokstav.

vbWide

4

Konverterer smale (halv-breidde)-teikn i Tekst til breie (full-breidde)-teikn.

vbNarrow

8

Konverterer breie (full-breidde)-teikn i Tekst til smale (halv-breidde)-teikn.

vbKatakana

16

Konverterer Hiragana-teikn i Tekst til Katakana-teikn.

vbHiragana

32

Konverterer Katakana-teikn i Tekst til Hiragana-teikn.

vbUnicode

64

Konverterer Tekst-teikn til Unicode-teikn ved å bruka standard kodesett for systemet.

vbFromUnicode

128

Konverterer Tekst-teikn frå Unicode til standard kodesett for systemet.


LCID Valfri. ID-en for nasjonal innstilling som desimaltal. Viss denne parameteren vert sløyfa, vert systemet sine innstillingar for ID brukt. Sjå dei tilgjengelege LCID-verdiane i fila msi-encodinglist.txt.

Eksempel:


Option VBASupport 1
Option Explicit
Sub Test_StrConv
    Print StrConv("abc EFG hij", vbUpperCase) '= "ABC EFG HIJ"
    Print StrConv("abc EFG hij", vbLowerCase) ' =  "abc efg hij"
    Print StrConv("abc EFG hij", vbProperCase) ' = "Abc Efg Hij"

    REM Konverterer smale (enkelt-byte) teikn i ein streng til breie
    Print StrConv("ABCDEVB¥ì¥¹¥­¥å©", vbWide) ' = "ABCDEVB¥ì¥¹¥­¥å©"

    REM Konverterer breie (dobbelt-byte) teikn i ein streng til smale (enkelt-byte) teikn
    Print StrConv("ABCD@$%23'?EG", vbNarrow) ' = "ABCD@$%23'?EG"

    REM Konverterer Hiragana-teikn i ein streng til Katakana-teikn
    Print StrConv("かたかな", vbKatakana) ' = "カタカナ"

    REM Konverterer Katakana-teikn i ein streng til Hiragana-teikn
    Print StrConv("カタカナ", vbHiragana) '= "かたかな"

    REM Går ut frå at CP-1252-koding knytt til nasjonale innstillingar i USA vert brukt i einingstestar.
    Dim x() As Byte
    x = StrConv("ÉϺ£ÊÐABC", vbFromUnicode)
    Print UBound(x) ' 8 teikn
    Print x(2) ' = 186
    Print StrConv(x, vbUnicode)' = "ÉϺ£ÊÐABC"
End Sub

Støtt oss!