Property-uttrykket

Ein eigenskap (property), også kalla felt eller attributt, karakteriserer eit gjeve objekt eller ein opplysning. Eigenskapar kan brukast til å kontrollera tilgangen til data. Det er vanleg å ta med instruksjonar når eigenskapane vert sette eller lesne. Kodane kan vera alt frå enkle tildelingar til komplekse innhaldsavhengige rutinar. Bruk av Get, Let eller Set tvingar konsistensen for eigenskapen når det er nødvendig.

warning

Dette uttrykket krev at Option Compatible vert sett framføre programkoden i ein modul.


Syntaks:

Diagram over uttrykket Property Get

[Private | Public] Property Get name[char | As typename]
End Property

Diagram over uttrykket Property Set

[Private | Public] Property [Let | Set] name[char] [([Optional [ByRef | ByVal]]value[char | As typename])] [As typename]
End Property

Parametrar:

namn: Namnet på eigenskapen.

argument: Verdi som skal overførast til rutinen Property.

note

Property brukar ofte eitt enkelt argument. Fleire argument kan likevel brukast samtidig.


argumentfragment

argumentfragment

{[Optional [ByRef|ByVal]]|ParamArray} argument {{As typename|char}[ = expression]|[()]As Variant}
Parametrar

Optional: Argumentet er ikkje obligatorisk.

ByRef: Argumentet vert overført ved referanse. ByRef er standard.

ByVal: Argumentet vert overført ved verdi. Verdien kan endrast av den oppkalla rutinen.

char: Typedeklareringsteikn.

typename: Primitivt datatypenamn. Også bibliotek eller moduldefinerte typar kan spesifiserast.

= expression: Oppgjev ein standardverdi for argumentet som samsvarar med den deklarerte typen. Optional er nødvendig for kvart argument som er ein standardverdi.

ParamArray: Bruk ParamArray når talet på parametrar ikkje er fastsett. Eit typiske scenario er ein brukardefinert funksjon i Calc. Bruken av ParamArray må avgrensast til det siste argumentet i ein rutine.

tip

Bruk av ParamArray eller = expression krev at Option Compatible er sett inn i ein modul framføre programkoden som skal utførast.


warning

Når du brukar Option VBASupport 1, vert argumenta Optional brukte utan standardverdi (= expression) initialiserte ut frå datatypen, bortsett frå Variant.


typenamn-fragment

fragment av primitive datatypar

{Boolean|Byte|Currency|Date|Double|Integer|Long|Object|Single|String|Variant}
teikn-fragment

typedeklareringsteikn

{ % | & | ! | # | $ | @ }

Eksempel

Option Compatible
Sub Main
    ProductName = "Office"
    Print ProductName ' viser "LibreOffice"
End Sub

Private _office As String
Property Get ProductName As String
    ProductName = _office
End Property
Property Let ProductName(value As String)
    _office = "Libre"& value
End Property
tip

Når eigenskapen Let eller Set manglar, hjelper Get til med å verna informasjon som ikkje må endrast av ein annan modul ved eit uhell.


Option Compatible
Public Property Get PathDelimiter As String ' Skriveverna variabel
    Static this As String
    If this = "" Then : Select Case GetGuiType()
        Case 1 : this = ";" ' Windows
        Case 4 : this = ":" ' Linux eller macOS
        Case Else : Error 423 ' Eigenskap eller metode ikkje definert: PathDelimiter
    End Select : End If
    PathDelimiter = this
End Property ' skriveverna PathDelimiter

Sub Main
    PathDelimiter = "a sentence" ' gjer ingenting
End Sub
note

Bruk Let eller Set når du handsamar UNO-tenester eller klasseobjekt:


Option Compatible
Sub Main
    'Set anObject = CreateUnoService( "com.sun.star.frame.Desktop" )
    anObject = CreateUnoService( "com.sun.star.frame.Desktop" )
    Print anObject.SupportedServiceNames(0) ' displays "com.sun.star.frame.Frame"
End Sub

Property Get anObject As Object
    Set anObject = _obj
End Property

Private _obj As Object

'Property Set anObject(value As Object)
    'Set _obj = value.CurrentFrame
'End Property
Property Let anObject(value As Object)
    Set _obj = value.CurrentFrame
End Property

Støtt oss!