LibreOffice 24.8 Hjelp
Testar om to Basic-variablar refererer til den same objektførekomsten.
result = oObj1 Is oObj2
Viss oObj1 og oObj2 er referansar til den same ofbjektførekomsten, vert resultatet Sann.
Eksempelet nedanfor definerer først ein ny type Student. Oppkall av TestObjects lagar objektet oStudent1, som eit nytt objekt av denne typen.
Tildelinga oStudent2 = oStudent1 kopierer faktisk referansen til det same objektet. Difor er resultatet av å bruka operatoren Is Sann.
Type Student
FirstName as String
Program as String
End Type
Sub TestObjects
Dim oStudent1 as new Student
Dim oStudent2 as Variant
oStudent2 = oStudent1
MsgBox Student1 Is Student2 ' True
End Sub
Eksempelet nedanfor returnerer Usann fordi oStudent1 og oStudent2 er referansar til to ulike objektførekomstar som kvar for seg er laga med operatoren New.
Sub TestObjects_v2
Dim oStudent1 as new Student
Dim oStudent2 as new Student
MsgBox oStudent1 Is oStudent2 ' False
End Sub