Syntaksfragment

LibreOffice Basic syntaksfragment.

argumentfragment

argumentfragment


      {[Optional [ByRef|ByVal]]|ParamArray} argument {{As typename|char}[ = expression]|[()]As Variant}
    

Parametrar

Optional: Argumentet er ikkje obligatorisk.

ByRef: Argumentet vert overført ved referanse. ByRef er standard.

ByVal: Argumentet vert overført ved verdi. Verdien kan endrast av den oppkalla rutinen.

char: Typedeklareringsteikn.

typename: Primitivt datatypenamn. Også bibliotek eller moduldefinerte typar kan spesifiserast.

= expression: Oppgjev ein standardverdi for argumentet som samsvarar med den deklarerte typen. Optional er nødvendig for kvart argument som er ein standardverdi.

ParamArray: Bruk ParamArray når talet på parametrar ikkje er fastsett. Eit typiske scenario er ein brukardefinert funksjon i Calc. Bruken av ParamArray må avgrensast til det siste argumentet i ein rutine.

tip

Bruk av ParamArray eller = expression krev at Option Compatible er sett inn i ein modul framføre programkoden som skal utførast.


warning

Når du brukar Option VBASupport 1, vert argumenta Optional brukte utan standardverdi (= expression) initialiserte ut frå datatypen, bortsett frå Variant.


matrisefragment

matrisefragment


      ( [[start To] end], .. )
    

Parametrar

start: Nedre grense for ein dimensjon.

end: Øvre grense for ein dimensjon.

Fleire dimensjonar i ein matrise vert skilde med komma (,).

fragment av typenamn

fragment av primitive datatypar


      {Boolean|Byte|Currency|Date|Double|Integer|Long|Object|Single|String|Variant}
    

fragment av deklareringsteikn

typedeklareringsteikn


      { % | & | ! | # | $ | @ }
    

Støtt oss!