LibreOffice 24.8 Hjelp
Metode for å eksportera eit Calc-dokument til PDF-format.
expression.ExportAsFixedFormat (Type, Filnamn, Kvalitet, IncludeDocProperties, IgnorePrintAreas, Frå, Til, OpenAfterPublish)
Type: Heiltal, nødvendig. Kan vera anten 0 eller 1. 0 for «PDF» - Portable Document Format file (.pdf) og 1 for «XPS» - XPS Dokument (.xps)
XPS-eksportformat vert ikkje støtta av LibreOffice.
Filnamn: Streng, valfri. Namnet på den eksporterte fila.
Kvalitet: Heiltal, valfri. Kan vera 0 eller 1. 0 er for standard kvalitet, 1 er for minimumskvalitet.
IncludeDocProperties: Logisk verdi, valfri. Set til Sann for å indikera at dokumenteigenskapane skal inkluderast i den eksporterte fila, eller set til Usann for ikkje å eksportera dokumenteigenskapane.
IgnorePrintAreas: boolsk, valfritt. Viss sett til Sann, vert alle utskriftsområde ignorete ved eksport. Viss sett til Usann, respekter utskriftsområda ved eksport.
Frå: Heiltal, valfri. Nummeret på den første sida som skal eksporterast. Viss dette talet manglar, vil eksporteringa byrja frå første sida.
Til: Heiltal, valfri. Nummeret på den siste sida som skal eksporterast. Viss dette talet manglar, vil eksporteringa slutta med den siste sida.
OpenAfterPublish: Boolsk, valfri. Viss sett til Sann, vert fila vist i riktig visingsprogram etter eksport. Med Usann vert fila eksportert, men ikkje opna.
Option VBASupport 1
Sub ExportAsPDF()
ActiveSheet.ExportAsFixedFormat _
Type:=0, _
Filename:=".\ExportAsPDF.pdf", _
Quality:=0, _
IncludeDocProperties:=True, _
IgnorePrintAreas:=False, _
OpenAfterPublish:=True
End Sub