Option Compatible-uttrykket

Option Compatible utvidar LibreOffice Basic-kompilatoren og -køyretid og tillet ekstra språkkonstruksjonar til Basic.

warning

Dette uttrykket må setjast inn framføre programkoden i ein modul.


Dette alternativet kan påverka eller vera til hjelp i desse situasjonane:

note

Option Compatible er påkravd når du kodar klassemodular.


Syntaks:

Option Compatible

Eksempel:

Spesialteikn som identifikatorar.


        Option Compatible
        ' Med denne innstillinga fungerer koden, elles er han årsak til ein kompileringsfeil
        Sub Main
            ä = 10
            print ä
        End Sub
    
tip

Uttrykket Option VBAsupport 1 set uttrykket Option Compatible automatisk.


Endring av variabelomfang i Bruk av prosedyrar og funksjonar med CompatibilityMode()-funksjonen.

Sjå Identifisering av operativsystemet og Hent bolkinformasjon for å finna eksempel på klassemodular eller Acces2Base delt bibliotek for å finna andre klasse-eksempel som brukar kompiler-modusen Option Compatible.

Støtt oss!