LibreOffice 24.2 Hjelp
Funksjonen CompatibilityMode() kontrollerer eller spør etter køyretidsmodusen. Det påverkar all kode som vert utført etter at modus er sett eller sett om att.
Bruk denne funksjon med varsemd. Avgrens han for eksempel til dokumentkonvertering.
CompatibilityMode(Optional Aktivere As Boolean) As Boolean
Funksjonen CompatibilityMode returnerer alltid modusen som er aktiv etter køyringa. Det vil seia at viss han er kalla opp med argument, returnerer han den nye modusen, viss han er kalla opp utan argument, returnerer han aktiv modus utan å endra han.
Aktiver: Set eller deaktiverer ny kompatibilitets-modus, når argumentet finst.
Funksjonen CompatibilityMode relaterer til Option VBASupport 1 og returnerer i dette tilfellet alltid Sann. Han relaterer ikkje til kompiler-direktivet Option Compatible.
Denne funksjonen kan påverka eller hjelpa i desse situasjonane:
Omfang av variablar.
Køyr kommandoen RmDir i VBA-modus. I VBA vert berre tomme mapper fjerna av RmDir medan LibreOffice Basic fjernar ei mappe rekursivt.
Endring av åtferda til Basic-kommandoen Dir. Mappeflagget (16) for kommandoen Dir betyr at berre mappene vert returnerte i LibreOffice Basic, medan normale filer og mapper vert returnerte i VBA.
Utrekninga av fargekomponentar ved hjelp av Raud og Blå som er byt om (Grøn vert ikkje endra).
Gjeve at det er ei mappe som IKKJE er tom i file:///home/me/Test
Sub RemoveDir
MsgBox CompatibilityMode() ' False
CompatibilityMode( True )
RmDir( "file:///home/me/Test" )
CompatibilityMode False
MsgBox CompatibilityMode ' False
End Sub
Med CompatibilityMode( True ) gjev programmet ein feil, ellers vert Test-katalogen sletta saman med innhaldet i han.
Endra oppførselen til Dir
Sub VBADirCommand
CompatibilityMode( Enable := True ) ' Viser også normale filer
Entry$ = Dir( "file:///home/me/Tmp/*.*", 16 )
Total$ = ""
While Entry$ <> ""
Total$ = Total$ + Entry$ + Chr$(13)
Entry$ = Dir
Wend
MsgBox Total$
CompatibilityMode Enable := False ' Viser berre mapper
End Sub