Resume-uttrykket

Tilbakestiller feilinformasjonen og indikerer kva som skal utførast som det neste.

Syntaks:

Diagram over uttrykket Resume


     Resume [ [0] | label | Next ]
   

Parametrar:

0: Tilbakestiller feilinformasjonen og utfører instruksjonen som var årsaka til feilen på nytt. 0 er valfritt.

label: Tilbakestiller feilinformasjonen og utfører instruksjonen ved den gjevne merkelappen i den gjeldande subrutinen.

Next: Tilbakestiller feilinformasjonen og utfører instruksjonen som kjem etter den som var årsaka til feilen.

Feilinformasjonen er bygd med funksjonane Erl, Err og Error$.

tip

Ved å bruka Resume for å tilbakestilla feilinformasjonen, hindrar du at den handsama tilstanden breier seg til oppkall av rutinar.


Feilkodar

20 Hald fram utan feil

Eksempel:

Typiske feilhandlingar er å varsla brukaren, reparere feilen, loggføra feilinformasjonen eller å forkasta tilpassa feil som inneheld forklaringar om korleis løyse problemet. Bruk etiketten Resume når du har bruk for slike mekanismar.


      Sub Error_Handling
      try: On Error GoTo catch
          ' her kjem rutinekoden
          Error 91 ' eksempelfeil
      finally:
          ' her kjem koden for å rydde rutinen
          Exit Sub
      catch:
          Print Erl, Err, Error$
          Resume finally
      End Sub ' Error_Handling
    

Bruk for eksempel Resume Next når du rapporterer avvik som oppstår for ein gjentakande prosess som ikkje må avbrytast. I så fall kan det vera nødvendig med fleire handsamingsrutinar.


      Sub Iteration
          planets = Array("☿","♀","♁","♂","♃","♄","⛢","♆")
      try:
          On Error GoTo ReportAndProcessNext
          For ndx = -3 To 11 Step 1
              MsgBox planets(ndx)
          Next
          On Error GoTo 0 ' Stop error catching
      finally:
          Exit Sub
      ReportAndProcessNext:
          Print "Error "& Err &" at line "& Erl &" - "& Error$
          Resume Next
      End Sub ' Iteration
    
warning

Å bruka Resume utan parametrar for å køyra instruksjonen som inneheld feil, kan passa i nokre situasjonar. Det kan også føra til uendelege sløyfer.


Støtt oss!