Fortolkar-innstillingane, køyretidsvilkår

Fortolkar-innstillingane som er sette på modulnivå påverkar LibreOffice Basic fortolkarkontroll og feilmeldingar. Basic-syntaks og instruksjonssettet for Basic kan vera ulike alt etter kva innstillingar som er brukte. Dess færreOption, dess lettare og meir tolerant vert LibreOffice Basic-språket. Dess fleire Option dess rikare og meir kontrollert vert Basic-språket.

note

Fortolkarinnstillingane må setjast inn før den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:

Diagram over uttrykket Option

Option Base-uttrykket

Set den nedre grensa for tabellar til 0 eller 1.

Option ClassModule-uttrykket

Viser at modulen er ein klassemodul som inneheld medlemmar, eigenskapar, prosedyrar og funksjonar.

Option Compatible-uttrykket

Option Compatible utvidar LibreOffice Basic-kompilatoren og -køyretid og tillet ekstra språkkonstruksjonar til Basic.

CompatibilityMode()-funksjonen

Funksjonen CompatibilityMode() kontrollerer eller spør etter køyretidsmodusen. Det påverkar all kode som vert utført etter at modus er sett eller sett om att.

Option Explicit-uttrykket

Bestemmer at alle variablane i programkoden må definerast før du brukar dei med Dim-uttrykket.

Option Private Module

Gjer at rekkjevidda av modulen er den same som det Basik-biblioteket han høyrer til.

Option VBASupport-uttrykket

Gjer at LibreOffice Basic vil støtte nokre VBA-uttrykk, funksjonar og objekt.

warning

Innstillingar som er sett på modulnivå påverkar også LibreOffice Basics køyretidsvilkår. Åtferda tilLibreOffice Basic-instruksjonane kan vera ulike.


Støtt oss!