FormatPercent [VBA]
Returnerer ein streng med ei talformatering brukt på eit numerisk uttrykk. Det vert lagt til eit prosentteikn i den returnerte strengen.
Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.
FormatPercent( expression, [numDigitsAfterDecimal As Integer], [includeLeadingDigit As Integer], _
[useParensForNegativeNumbers As Integer], [groupDigits As Integer] ) As String
String
expression: Obligatorisk. Eit numerisk uttrykk som skal formaterast. Viss expression er ein streng, må desimal- og tusenskiljeteikn lokaliserast.
numDigitsAfterDecimal: Valfri. Ein talverdi som bestemmer kor mange siffer det skal vera etter desimalteiknet. Viss verdien manglar, vert verdien -1 brukt, som betyr at standardinnstillinga sett i brukargrensesnittet for den gjeldande landinnstillinga skal brukast.
includeLeadingDigit: Valfri. Ein vbTriState opprekningsverdi som bestemmer om det skal visast nullar framføre brøkverdiar.
-
vbTrue eller -1: Vis ein null framføre.
-
vbFalse eller 0: Ikkje vis nullar framføre.
-
vbUseDefaults eller -2: Bruk landinnstillingane i grensesnittet. Viss denne vert sløyfa, er dette standardverdien.
useParensForNegativeNumbers: Valfri. Ein vbTriState opprekningsverdi som bestemmer om det skal vera parentesar rundt negative tal.
-
vbTrue eller -1: Bruk parentesar for negative tal.
-
vbFalse eller 0: Ikkje vis parentesar.
-
vbUseDefaults eller -2: Same som vbFalse. Viss denne vert sløyfa, er dette standardverdien.
groupDigits: Valfri. Ein vbTriState rekneverdi som bestemmer om tal skal grupperast (i tusenar o.l) med det skiljeteiknet som er sett i landinnstillingane for datamaskinen.
-
vbTrue eller -1: Grupper siffer.
-
vbFalse or 0: Ikkje grupper siffer.
-
vbUseDefaults eller -2: Same som vbFalse. Viss denne vert sløyfa, er dette standardverdien.
Sub TestFormatNumber
Const UseComputerRegionalSettings = -1
MsgBox FormatPercent(12.2, NumDigitsAfterDecimal:=2) ' 1220.00 % viss det valde brukargrensesnittet er engelsk
MsgBox FormatPercent("-,2", 2, IncludeLeadingDigit:=vbTrue) ' -20,00% viss brukargrensesnittet er fransk
MsgBox FormatPercent("-0,2", 2) ' -20,00 % for en-US, -0,00 for fr-CA, de-AT eller pt-BR
MsgBox FormatPercent(-0.2, UseComputerRegionalSettings, UseParensForNegativeNumbers:=vbTrue) ' (20,00)% viss pt-BR
MsgBox FormatPercent("-0,2", UseComputerRegionalSettings, vbUseDefault, vbTrue) ' (20,00)% viss tysk
MsgBox FormatPercent("-12345678", -1, vbUseDefault, vbUseDefault, GroupDigits:=vbTrue) ' -1 234 567 800,00% for fr-BE
End Sub