Round-funksjonen [VBA]

Avrundar ein talverdi til eit gjeve tal på desimalar.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Denne funksjonen implementerer avrundingsregelen som er kjent som «avrund til partal». Med denne regelen vert talet avrunda til næraste heiltal når differansen mellom talet som skal avrundast og det næraste heiltalet er lik 0,5. Sjå eksempla nedanfor for å læra meir im denne regelen.

note

Merk at VBA-funksjonen Round verkar annleis enn LibreOffice Calc-funksjonen Avrund. Viss skilnaden mellom talet som skal avrundast og det næraste heiltalet er nøyaktig 0,5, vert talet runda opp i Calc. Difor vert talet 2,5 runda opp til 3 i Calc, medan verdien 2,5 vert runda ned til 2 med VBA-funktionen Round på grund av «avrund-til partal»-regelen.


Syntaks:

Round(expression [,numdecimalplaces])

Returverdi:

Double

Parametrar:

uttrykk: Taluttrykket som skal avrundast.

talpådesimalplassar: Valfritt argument som spesifiserer kor mange desimalar det skal vera i den resulterande, avrunda verdien. Standardverdien er 0.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


    Option VBASupport 1
    Sub Example_Round
        Dim r 
        r = Pi
        print r ' 3,14159265358979
        print Round(r, 5) ' 3,14159
        r = exp(1)
        print r ' 2,71828182845904
        print Round(r) ' 3
    End Sub
  

Eksempelet nedanfor viser «avrund-til-partal»-regelen:


    ' Avrunding til det næraste heiltal (desimalplassar = 0)
    MsgBox Round(3.5) ' 4
    MsgBox Round(4.5) ' 4
    MsgBox Round(5.5) ' 6
    MsgBox Round(6.5) ' 6
    ' Avrunding med 2 desimalsiffer (desimalplassar = 2)
    MsgBox Round(1.555, 2) ' 1.56
    MsgBox Round(1.565, 2) ' 1.56
    MsgBox Round(1.575, 2) ' 1.58
    MsgBox Round(1.585, 2) ' 1.58
  

Støtt oss!