PPmt-funksjonen [VBA]

Returnerer betalingssummen til oppdragsgjevaren for ein gjeven periode ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


Pmt( Rate as Double, Per as Double, NPer as Double, PV as Double, [FV as Variant], [Due as Variant] )

Returverdi:

Double

Parametrar:

Rente er den periodiske rentesatsen.

Per Perioden som du ønskjer å rekna ut betalinga av hovudstolen for (må vere eit heiltal mellom 1 og Nper).

NPer er det samla talet på periodar det vert betalt annuitet for.

Noverdi er den noverande kontantverdien av investeringa.

FV (valfri) er den framtidige verdien av eit lån eller ei investering.

Forfall (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


REM ***** BASIC *****
Option VBASupport 1
Sub ExamplePPmt
' Reknar ut betalinga gjennom månadane 4 og 5 for eit lån som skal betalast
' over 6 år. Renta er 10 % per år med betaling i slutten av månaden.
Dim ppMth4 As Double
Dim ppMth5 As Double
' Hovudstolsbetaling i 4. månad:
ppMth4 = PPmt( 0.1/12, 4, 72, 100000 )
print ppMth4 ' ppMth4 er rekna ut til å verta -1044,94463903636.
' Hovudstolsbetaling i 5. månad:
ppMth5 = PPmt( 0.1/12, 5, 72, 100000 )
print ppMth5' ppMth5 er rekna ut til å verta -1053,65251102833.
End Sub

Støtt oss!