Pmt-funksjonen [VBA]

Reknar ut dei konstante periodiske betalingane for eit lån eller ei investering.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


Pmt( Rate as Double, NPer as Double , PV as Double , [FV as Variant], [Due as Variant] )

Returverdi:

Double

Parametrar:

Rente den periodiske rentesatsen.

NPer er det totale talet på periodar det vert betalt annuitet for.

Noverdi er den noverande kontantverdien av investeringa.

FV (valfri) er den framtidige verdien av eit lån eller ei investering.

Forfall (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


REM ***** BASIC *****
Option VBASUPPORT 1
' Reknar ut dei månadlege betalingane for eit lån som skal nedbetalast over 6 år.
' Renta er 10 % per år med betaling i slutten av månaden.
Sub ExamplePmt
 Dim myPmt As Double
 myPmt = Pmt( 0.1/12, 72, 100000 )
 print MyPmt ' er rekna ut til å verta -1852.58377757705
End Sub

Støtt oss!