MIRR-funksjonen [VBA]

Reknar ut den endra interne avkastingsraten for ei rekkje investeringar.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


MIRR(Values() as Double, Investment as Double, ReinvestRate as Double)

Returverdi:

Double

Parameterar:

Verdiar(): Ein tabell med kontantstraumar i ein serie med inn- og utbetalingar. Negative verdiar er utbetaling og positive verdiar innbetaling. Tabellen må innehalda minst éin positiv og éin negativ verdi.

Investering er rentefoten av investeringane (dei negative verdiane av området)

Gjeninvesteringsrente: rentesatsen for gjeninvesteringa (den positive verdien av området).

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


REM ***** BASIC *****
Option VBASupport 1
Sub ExampleMIRR
 Dim cashFlow(0 to 3) As Double
 cashFlow(0) = -5
 cashFlow(1) = 10
 cashFlow(2) = 15
 cashFlow(3) = 8
 mirrValue = MIRR(cashFlow,0.5,0.1) * 100
 Print mirrValue ' returnerer 94,16. Den endra interne renta for kapitalstraumen.
End Sub

Støtt oss!