IPmt-funksjonen [VBA]

Reknar ut den periodiske avskrivinga på ei investering med jamleg betaling og fast rentesats.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


IPmt(Rate as Double, Per as Double, NPer as Double, PV as Double, [FV as Variant], [Due as Variant])

Returverdi:

Double

Parametrar:

Rente den periodiske rentesatsen.

Periode er perioden som rentesrenta skal reknast ut for. Periode=NPER dersom rentesrenta for siste periode vert rekna ut.

NPer er det totale talet på periodar det vert betalt annuitet for.

Noverdi er den noverande verdien for kvar betaling.

Sluttverdi (valfri) er den ønskte sluttverdien (framtidige verdien) ved slutten av periodane.

F (valfri) er forfallsdatoen for dei periodiske betalingane.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden;

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleIPmt
 Dim myIPmt As Double
 myIPmt = IPmt(0.05,5,7,15000)
 Print myIPmt ' returnerer -352,97 valutaeiningar. Renters rente gjennom den femte perioden (året) er 352,97 valutaeiningar.
End Sub

Støtt oss!