FV-funksjonen [VBA]

Returnerer sluttverdien av ei investering ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats (sluttverdi).

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


FV(Rate as Double, NPer as Double, Pmt as Double, [PV as Variant], [Due as Variant])

Returverdi:

Double

Parametrar:

Rente er den periodiske rentesatsen.

NPer er talet på betalingsperiodar.

Betaling er dei faste avdraga betalt per periode.

Noverdi (valfri) er den noverande kontantverdien av investeringa.

Forfall (valfri) bestemmer om betalinga skjer først eller sist i perioden.

0 - betalinga er ved slutten av perioden;

1 - betalinga er ved byrjinga av perioden.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleFV
 Dim myFV As Double
 myFV = =FV(0.04, 2, 750, 2500)
 PrintmyFV ' returnerer 4234,00 valutaeiningar. Sluttverdien for investeringa er 4234,00 valutaeiningar.
End Sub

Støtt oss!