LibreOffice 7.6 Hjelp
ThisComponent representerer det gjeldande dokumentet i Basic-makroar. Den adresserer den aktive komponenten med eigenskapar som kan lesast og setjast, og kva metodar som kan kallast opp. Kva eigenskapar og metodar som er tilgjengelege gjennom ThisComponent er avhengig av dokumenttypen.
ThisComponent
Når det aktive vindauget er eit Basic-skjema, ei spørjing, ein rapport, ein tabell eller ei visning, vil ThisComponent returnere den gjeldande Form-informasjonen.
Når det gjeldande vindauget er Basic-IDE-en, vil objektet ThisComponent returnere komponenten som eig det gjeldande skriptet.
Sub Main
' oppdaterer «Innhaldsliste» i eit tekstdokument
Dim allindexes, index As Object
allindexes = ThisComponent.getDocumentIndexes()
index = allindexes.getByName("Innhaldsliste")
' bruk gjeldande namn for innhaldslista og 1
index.update()
End Sub