GlobalScope-spesifikator

For å administrera personlege eller delte behaldarar (LibreOffice-makroar eller Mine makroar) inne frå eit dokument, brukar du funksjonen GlobalScope.

Kjeldekodar og dialogar i Basic er organiserte i bibliotekbehaldarar. Biblioteka kan innehalde modular og dialogar.

I Basic:

Basic-bibliotek og -modular kan handsamast med objektet BasicLibraries. Du kan søkja gjennom, utforska og lasta inn biblioteka som du ønskjer. Overvaking av dokumenthendingar viser innlasting av LibreOffice-bibliotek.

I dialogar:

Dialog-bibliotek og dialogar kan handsamast med objektet DialogLibratries. Opning av ein dialog med Basic illustrerer korleis LibreOffice-dialogar vert viste

Behaldarane BasicLibraries og DialogLibraries finst på program-nivå og innebygd i alle dokument. Biblioteksbehaldarar i dokument har ikkje bruk for funksjonen GlobalScope for å verta handsama. Vil du kalla opp ein global biblioteksbehalder (plasert i LibreOffice-makroar eller Mine makroar) inne frå eit dokument, må du bruka funksjonen GlobalScope.

Syntaks:

GlobalScope specifier

Eksempel:

Eksempel i dokument-Basic


    ' oppkall av Dialog1 i dokumentbiblioteket Standard
    oDlgDesc = DialogLibraries.Standard.Dialog1
    ' oppkall av Dialog2 i programbiblioteket Library1
    oDlgDesc = GlobalScope.DialogLibraries.Library1.Dialog2

Støtt oss!