Shell-funksjonen

Byrjar eit nytt program og definerer vindaugestilen om nødvendig.

Syntaks:

Shell (Stinamn As String[, Vindaugestil As Integer][, Parameter As String][, bSync])

Parametrar:

Stinamn

Namn på programmet du vil starta, eventuelt med fullstendig bane og/eller argument.

Vindaugestil

Valfritt heiltalsuttrykk som bestemmer stilen for vindauget programmet køyrer i. Desse verdiane er moglege:

Windowstyle

Tyding

0

Fokuset er på det gøymde programvindauget.

1

Fokuset er på programvindauget i standard storleik.

2

Fokuset er på det forminska programvindauget.

3

Fokuset er på det maksimaliserte programvindauget.

4

Standardstorleik på programvindauget, utan fokus.

6

Forminska programvindauge, fokus på det aktive vindauget.

10

Fullskjermvising


Parameter

Streng som spesifiserer tilleggsargument sende til programmet.

bSync

Viss denne verdien er sett til SANN, vil Shell-kommandoen og alle programkøyringar i LibreOffice vente til shell-prosessen er ferdig. Viss verdien er sett til USANN, vil shell returnera direkte. Standardverdien er USANN.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

53 Fann ikkje fila

73 Ikkje lagt inn

Eksempel:


Sub ExampleShellForWin
    Shell("c:\windows\calc.exe",2)
End Sub

Støtt oss!