LibreOffice 25.2 Hjelp
Dette er ei liste over funksjonar og uttrykk som ikkje er tekne med i dei andre kategoriane.
Spelar av ei tone gjennom høgtalaren i datamaskinen. Tona er systemavhengig og kan ikkje endrast på nokon måte.
Returnerer talet på «system-ticks». Denne funksjonen kan brukast for å optimalisera ulike prosessar.
Returnerer teiknet som vert brukt av operativsystemet for å skilja mapper i filstiane.
Returnerer verdiane av ein miljøvariabel som ein streng. Miljøvariablane er avhengige av kva operativsystem som er i bruk.
Returnerer ein nummerisk verdi som spesifiserer det grafiske brukargrensesnittet.
For å administrera personlege eller delte behaldarar (program-makroar eller Mine makroar) inne frå eit dokument, brukar du spesifikatoren GlobalScope.