LSet-uttrykket

Justerer ein streng til venstre i ein strengvariabel, eller kopierer ein variabel av ein brukardefinert type til ein annan variabel i ein annan brukardefinert type.

Syntaks:


LSet Var As String = Tekst eller LSet Var1 = Var2

Parameterar:

Var: Ein strengvariabel som inneheld strengen som skal venstrejusterast.

Tekst: Strengen som skal venstrejusterast til venstre for strengvariabelen.

Var1: Namnet på en sjølvdefinerte variabeltypen du vil kopiera til.

Var2: Namnet på en sjølvdefinerte variabeltypen du vil kopiera frå.

Viss strengen er kortare enn strengvariabelen vil LSet venstrejustera strengen innføre strengvariabelen. Ledige plassar i strengvariabelen vert byt ut med mellomrom. Viss strengen er lengre enn strengvariabelen, vil berre teikna lengst til venstre, opp til lengda av strengvariabelen, verta kopierte. Med uttrykket LSet kan du også kopiera ein sjølvvald typevariabel til ein annan variabel av same type.

Eksempel:


Sub ExampleRLSet
Dim sVar As String
Dim sExpr As String
    sVar = String(40,"*")
    sExpr = "SBX"
    ' Justerer "SBX" inne i 40-teikns referansestreng
    ' Byter ut stjerner med mellomrom
    RSet sVar = sExpr
    Print ">"; sVar; "<"
    sVar = String(5,"*")
    sExpr = "123457896"
    RSet sVar = sExpr
    Print ">"; sVar; "<"
    sVar = String(40,"*")
    sExpr = "SBX"
    ' Venstrejusterer "SBX" inne i 40-teikns referansestrengen
    LSet sVar = sExpr
    Print ">"; sVar; "<"
    sVar = String(5,"*")
    sExpr = "123456789"
    LSet sVar = sExpr
    Print ">"; sVar; "<"
End Sub

Støtt oss!