LibreOffice 24.8 Hjelp
Returnerer så mang teikn til venstre som du har oppgjeve for eit strenguttrykk.
Venstre (streng As String, lengd As Long) As String
Streng
streng: Eit strenguttrykk som du vil returnera dei venstre teikna frå.
lengd: Eit numerisk uttrykk som bestemmer kor mange teikn som skal returnerast. Viss lengd = 0, vert ein tom streng returnert. Den høgste tillatne verdien er 2.147.483.648.
Det følgjande eksempelet konverterer ein dato i formatet ÅÅÅÅ.MM.DD til formatet MM/DD/ÅÅÅÅ.
Sub ExampleUSDate
Dim sInput As String
Dim sUS_date As String
sInput = InputBox("Skriv inn ein dato i det internasjonale formatet 'ÅÅÅÅ-MM-DD'")
sUS_date = Mid(sInput, 6, 2)
sUS_date = sUS_date & "/"
sUS_date = sUS_date & Right(sInput, 2)
sUS_date = sUS_date & "/"
sUS_date = sUS_date & Left(sInput, 4)
MsgBox sUS_date
End Sub