ChrW-funksjonen [VBA]

Returnerer Unicodeteiknet som høyrer til den oppgjevne teiknkoden.

warning

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


ChrW(charcode As Integer) As String

Returverdi:

Streng

Parametrar:

charcode: Numerisk uttrykk som representerer ein gyldig 16-bits Unicode-verdi (0-65535). (For å støtta uttrykk med eit nominelt negativt argument som ChrW(&H8000) på ein bakoverkompatibel måte, er verdiar i området −32768 til −1 internt kartlagt til området 32768 til 65535.) Ein tom verdi returnerer feilkode 5. Ein verdi utanfor området [0 til 65535] returnerer feilkode 6.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

6 Overflyt

Eksempel:


Sub ExampleChrW
    ' Dette eksempelet set dei greske bokstavane Alfa og Omega inn i ein streng.
    MsgBox "Frå " + ChrW(913) + " til " + ChrW(937)
    ' Utskrifta kjem fram i dialogvindauget som «Frå Α til Ω»
    MsgBox ChrW(charcode := 116) ' "t" liten bokstav T
End Sub

Støtt oss!