LibreOffice 25.2 Hjelp
Bruk funksjonen Val for å konvertera ein streng som representerer eit tal til ein numerisk datatype.
Strengen som vert sendt til Val-funksjonen er uavhengig av nasjonale innstillingar. Dette betyr at komma vert tolka som tusenskiljeteikn og eit punktum som desimalskiljeteikn.
Val (Tekst As String)
Double
Tekst: Streng som inneheld eit tal.
Viss berre ein del av strengen inneheld tal, vert berre dei første relevante teikna i strengen konverterte. Viss det ikkje finst tal i strengen, vil Val returnera 0.
Sub ExampleVal
MsgBox Val("123.1") + 1 ' 124.1
' Nedanfor vert 123,1 tolka som 1231 sidan «,» er teiknet for tusenskilje
MsgBox Val("123,1") + 1 ' 1232
Alle tal vert vurderte til eit ikkje-numerisk teikn er nådd
MsgBox Val("123.4A") ' 123.4
' Eksempelet nedanfor returnerer 0 (null) sidan den gjevne strengen ikkje byrjar med eit tal
MsgBox Val("A123.123") ' 0
End Sub