LibreOffice 7.6 Hjelp
Funksjonen Str konverterer innhaldet av variablar til ein streng. Han kan handsama numeriske verdiar, datoar, strengar og valutaverdiar.
Positive verdiar får eit mellomrom framføre seg. Negative verdiar får eit minus-teikn framføre seg.
For numeriske verdiar er strengen som vert returnert av Str-funksjonen uavhengig av lokale innstillingar. Difor vert punktum brukt som desimalskiljeteikn når det er nødvendig.
Viss ein streng vert sendt som eit argument, vert han returnert uendra.
Datoar vert konverterte til lokalitetsavhengige strengar.
Str (Verdi som Variant)
String
Value: Kva verdi som helst som skal konverterast til ein streng.
Nedanfor finn du nokre numeriske eksempel på bruk av funksjonen Str.
Sub ExampleStr_1
' Merk mellomrommet i byrjinga av dei returnerte strengane
MsgBox Str(10) ' " 10"
MsgBox Str(10.5) ' " 10.5"
MsgBox Str(-12345 + 1.3) ' " -12346.3"
MsgBox Str(10000 / 3) ' " 3333.33333333333"
' Strengar som vert sende som argument vert ikkje endra
MsgBox Str("A123") ' "A123"
End Sub
Bruk funksjonen LTrim for å fjerna mellomrommet i byrjinga av den returnerte strengen.
Sub ExampleStr_2
MsgBox Str(10.5) ' " 10.5"
MsgBox LTrim(Str(10.5)) ' "10.5"
End Sub
Funksjonen Str kan også handsama Dato-variablar.
Sub ExampleStr_3
Dim aDate as Date, aTime as Date
aDate = DateSerial(2021, 12, 20)
aTime = TimeSerial(10, 20, 45)
Print Str(aDate) ' "12/20/2021"
Print Str(aTime) ' "10:20:45"
End sub