Konvertering av ASCII/ANSI i strengar

Desse funksjonane konverterer strengar til og frå ASCII- og ANSI-kode.

Asc-funksjonen (BASIC)

Returnerer ASCII-verdien (American Standard Code for Information Interchange) for det første teiknet i eit strenguttrykk.

Chr-funksjonen

Returnerer teiknet som høyrer til den oppgjevne teiknkoden.

Str-funksjonen

Funksjonen Str konverterer innhaldet av variablar til ein streng. Han kan handsama numeriske verdiar, datoar, strengar og valutaverdiar.

Positive verdiar får eit mellomrom framføre seg. Negative verdiar får eit minus-teikn framføre seg.

note

For numeriske verdiar er strengen som vert returnert av Str-funksjonen uavhengig av lokale innstillingar. Difor vert punktum brukt som desimalskiljeteikn når det er nødvendig.


Viss ein streng vert sendt som eit argument, vert han returnert uendra.

Datoar vert konverterte til lokalitetsavhengige strengar.

Val-funksjonen

Bruk funksjonen Val for å konvertera ein streng som representerer eit tal til ein numerisk datatype.

note

Strengen som vert sendt til Val-funksjonen er uavhengig av nasjonale innstillingar. Dette betyr at komma vert tolka som tusenskiljeteikn og eit punktum som desimalskiljeteikn.


CByte-funksjonen

Konverterer ein streng eller eit taluttrykk til typen Byte.

Støtt oss!