Samanlikningsoperatorar

Samanlikningsoperatorane samanliknar to uttrykk. Resultatet vert returnert som eit logisk uttrykk som viser om samanlikninga er sann (-1) eller usann (0).

Syntaks:


Resultat = Uttrykk1 { = | < | > | <= | >= } Uttrykk2

Parametrar:

Resutat: Logisk uttrykk som viser resultatet av samanlikninga (sann eller usann)

Uttrykk1, Uttrykk2: Numeriske verdiar eller strengar som du vil samanlikne.

Samanlikningsoperatorar

= : Lik med

< : Mindre enn

> : Større enn

<= : Mindre enn eller lik

>= : Større enn eller lik

<> : Ulik

Eksempel:


Sub ExampleUnequal
Dim sFile As String
Dim sRoot As String ' Rotkatalogen for inn- og utdata for fila
    sRoot = "c:\"
    sFile = Dir$( sRoot ,22)
    If sFile <> "" Then
        Do
            MsgBox sFile
            sFile = Dir$
        Loop Until sFile = ""
    End If
End Sub

Støtt oss!