Static-uttrykket

Deklarerer ein variabel eller ein tabell (array) på prosedyrenivå inne i ein subrutine eller ein funksjon, slik at verdiane i variabelen eller tabellen vert tatt vare på når programmet går ut av subrutinen eller funksjonen. Dim-uttrykket kan også brukast.

Åtvaringsikon

Static-uttrykket kan ikkje brukast for å definera variable tabellar (arrays). Tabellane må definerast med fast storleik.


Syntaks:


Static VarNamn[(start TO slutt)] [As VarType][, VarNamn2 [(start TO slutt)] [As VarType][,...]]

Eksempel:


Sub ExampleStatic
Dim iCount As Integer, iResult As Integer
    For iCount = 0 To 2
        iResult = InitVar()
    Next iCount
    MsgBox iResult,0,"Svaret er"
End Sub
 
' Funksjon for å initialisere den statiske variabelen
Function InitVar() As Integer
    Static iInit As Integer
    Const iMinimum As Integer = 40 ' minimum returverdi for denne funksjonen
    If iInit = 0 Then ' sjekk om initiert
        iInit = iMinimum
    Else
        iInit = iInit + 1
    End If
    InitVar = iInit
End Function

Støtt oss!