Option VBASupport-uttrykket

Gjer at LibreOffice Basic vil støtte nokre VBA-uttrykk, funksjonar og objekt.

Merknadsikon

Støtta for VBA er ikkje fullstendig, men dekker ein stor del av det vanlege bruksmønsteret.


warning

Dette uttrykket må setjast inn framføre programkoden i ein modul.


warning

Når støtte for VBA er slått på, vil funksjonsargumenta og returverdiane for LibreOffice Basic vera dei same som i dei tilsvarande VBA-funksjonane. Når denne støtta er slått av, kan funksjonane i LibreOffice Basic ha andre argument og returverdiar enn dei tilsvarande VBA-argumenta.


Syntaks:

Option VBASupport {1|0}

Parametrar:

1: Slå på VBA-støtte i LibreOffice

0: Slå av VBA-støtte

Eksempel:


Option VBASupport 1
Sub ExampleVBA
    Dim sVar As Single
    sVar = Worksheets("Sheet1").Range("A1")
    Print sVar
End Sub

Støtt oss!