IsEmpty-funksjonen

Kontrollerer om ein Variant-variabel inneheld ein tom verdi. Den tomme verdien indikerer at variabelen ikkje er initialisert.

Syntaks:


IsEmpty (variabel)

Returverdi:

Boolean

Parametrar:

variabel: Variabelen som du vil kontrollera. Funksjonen returnerer SANN viss variabelen inneheld verdien tom, elles USANN.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleIsEmpty
Dim sVar As Variant
    sVar = Empty
    Print IsEmpty(sVar) ' True
End Sub

Støtt oss!