CStr-funksjonen

Konverterer eitkvart taluttrykk til eit strenguttrykk.

Syntaks:


CStr (Uttrykk)

Returverdi:

Streng

Parameterar:

Uttrykk: Eitkvart gyldig streng- eller taluttrykk som skal konverterast.

Uttrykkstypar og konvertering av returverdien

Boolsk

Streng som evaluerer til anten True (SANN) eller til False (USANN).

Dato:

Streng som inneheld dato og klokkeslett.

Null

Køyretidsfeil

Tom

Streng utan teikn.

Alle

Samsvarande tal som streng


Nullar til slutt i eit desimaltal vert ikkje tekne med i returstrengen.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleCSTR
Dim sVar As String
    MsgBox CDbl(1234.5678)
    MsgBox CInt(1234.5678)
    MsgBox CLng(1234.5678)
    MsgBox CSng(1234.5678)
    sVar = CStr(1234.5678)
    MsgBox sVar
End Sub

Støtt oss!