Const-uttrykket

Definerer ein eller fleire indentifikatorar som konstantar.

Ein konstant er ein variabel som gjer programmet lettare å lesa. Konstantane vert ikkje definerte som spesielle variabeltypar, men vert brukte meir som plasshaldarar i koden. Du kan definera ein konstant berre éin gong, og verdien kan ikkje seinare endrast.

Syntaks:

Const-syntaks


[Global|Private|Public] Const name = expression[, …]

Parametrar:

name: Kva identifikator som helst som følgjer reglane for standard namngjeving.

expression: Kva bokstavleg uttrykk som helst.

Datatypen må sløyfast. Når eit bibliotek vert lese inn i minnet, konverterer LibreOffice Basic programkoden internt slik at kvar gong ein konstant vert brukt, vert han bytt ut med det definerte uttrykket.

Virkefelt

Som standard vert konstantar definerte som private i modular og rutinar. Konstantar kan gjerast offentlege eller globale for å kunne brukast frå alle modulane frå alle BASIC-bibliotek.

Spesifikatorane Global, Private og Public kan berre brukast som modulkonstantar.

Eksempel:


  Const EARTH = "♁" ' modul-verkeområde
  Private Const MOON = "☾" ' modul-verkeområde
  Public Const VENUS="♀", MARS="♂" ' generelt verkeområde
  Global Const SUN = "☉", STAR = "☆" ' generelt verkeområde
  
  Sub ExampleConst
      Const SUN = 3 * 1.456 / 56 ' SUN er lokal
      MsgBox SUN,, MOON ' den globale konstanten SUN er uendra
      Const Pgm = "Program", Var = 1.00
      MsgBox Pgm & " " & Var, , VENUS &" and "& MARS
  End Sub

Enum-uttrykket

Type-uttrykket

Støtt oss!