CLng-funksjonen

Omformar eit tal- eller strenguttrykk til heiltal av typen Long.

Syntaks:


CLng (Uttrykk)

Returverdi:

Long

Parametrar:

Uttrykk: Eit streng- eller taluttrykk som skal konverterast. Viss Uttrykk går ut over verdiområdet -2.147.483.648 og 2.147.483.647, vil LibreOffice Basic melda overflytfeil. For å konvertera eit strenguttrykk må talet skrivast som normal tekst («123,5») der talformatet som er sett i operativsystemet vert brukt.

Denne funksjonen vil alltid avrunda desimaldelen til næraste heiltal.

Feilkodar

5 Ugyldig prosedyreoppkall

Eksempel:


Sub ExampleCountryConvert
    MsgBox CDbl(1234.5678)
    MsgBox CInt(1234.5678)
    MsgBox CLng(1234.5678)
End Sub

Støtt oss!