LibreOffice 24.8 Hjelp
Omformar eit tal- eller strenguttrykk til heiltal (Integer).
CDbl (Uttrykk As Variant) As Integer
Integer
Viss argumentet er ein streng, vil funksjonen fjerna leiande mellomrom og deretter prøva å kjenna igjen dei følgjande teikna.
Desimaltal (med eller utan forteikn) med lokaliserte desimal- og tusenskiljeteikn sette opp i LibreOffice (tusenskiljeteikna vert godtekne i alle aktuelle plasseringar), med valfri eksponentialnotasjon som «-12e+1», der eit valfritt heilttal med forteikn etter e, E, d eller D definerer potensen av 10.
Oktale tal som «&Onnn...» der «nnn...» etter «&O» eller «&o» er ein sekvens ikkje over 11 siffer, frå 0 til 7 opp til det neste ikkje-alfanumeriske teiknet.
Hexadesimale tal som «&Hnnn...» der «nnn...» etter «&H» eller «&h» er ein teiknsekvens opp til det neste ikkje-alfanumeriske teiknet og ikkje må vera på meir enn 8 siffer frå 0 til 9, A til F eller a til f.
Resten av strengen vert ignorert. Viss strengen ikkje vert kjend igjen, for eksempel når han etter at dei innleiande mellomromma er fjerna ikkje byrjar med pluss, minus, eit desimalsiffer eller «&» eller når sekvensen etter «&O» er lenger enn 11 teikn eller inneheld eit alfabetisk teikn, vert verdien av uttrykket sett til 0.
Viss uttrykket er ein feil, vert feilnummeret brukt som talverdi i uttrykket.
Viss argumentet er ein dato, vert talet på dagar sidan 30.12.1899 (seriell dato) brukt som tallverdi i uttrykket. Klokkeslett er representerte som ein brøkdel av ein dag.
Når talverdien i uttrykket er rekna ut, vert det runda ned til næraste heiltal (om nødvendig). Viss resultatet ikkje er mellom -32768 og 32767 vil LibreOffice Basic rapportera ein overflytsfeil. Elles vert resultatet returnert.