LibreOffice 7.3 Hjelp
Dei følgjande uttrykka og funksjonane vert brukte for arbeid med variablar. Du kan bruka desse funksjonane for å definera variablar, konvertera variablar frå ein type til ein annan eller for å definera variabeltypen.
Omformar eit streng- eller taluttrykk til eit valuta-uttrykk. Dei lokale innstillingane vert brukte for desimalskilje og valutasymbol.
Konverterer ei streng-samanlikning eller ei numerisk samanlikning til eit Boolsk uttrykk, eller konverterer eit enkelt numerisk uttrykk til eit Boolsk uttrykk.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefBool-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefCur-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefDate-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefErr-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefSng-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Viss det ikkje er spesifisert eit typedeklarasjonsteikn eller nøkkelord, vil DefStr-uttrykket setja standard datatype i høve til eit bokstavområde.
Kontrollerer om eit tal- eller strenguttrykk kan konverterast til ein Date-variabel.
Kontrollerer om ein Variant-variabel inneheld ein tom verdi. Den tomme verdien indikerer at variabelen ikkje er initialisert.
Kontrollerer om variabelen inneheld den spesielle verdien Null, som indikerer at variabelen ikkje inneheld data.
Testar om eit uttrykk er eit tal. Viss uttrykket er eit tal, vil funksjonen returnera True, elles False.
Testar om ein variabel er eit objekt, i motsetnad til primitive datatypar som datoar, tal og tekstar. Funksjonen returnerer True viss variabelen er eit objekt, elles returnerer han False.
Slettar innhaldet av tabellelement i tabellar (array) med fast storleik og frigjer minne brukt av tabellar med variabel storleik.
Bestemmer at alle variablane i programkoden må definerast før du brukar dei med Dim-uttrykket.
Dimensjonerer ein variabel på modulnivå, det vil seia utanfor ein subrutine eller ein funksjon, slik at variabelen kan brukast i alle biblioteka og modulane.
Dimensjonerer ein variabel eller ein tabell (array) på globalt nivå, altså ikkje inne i ein subrutine eller funksjon, slik at variabelen eller tabellen er gyldig i alle biblioteka og modulane i den gjeldande økta.
Deklarerer ein variabel eller ein tabell (array) på prosedyrenivå inne i ein subrutine eller ein funksjon, slik at verdiane i variabelen eller tabellen vert tekne vare på når programmet går ut av subrutinen eller funksjonen. Dim-uttrykket kan også brukast.
Returnerer ein streng (TypeName) eller ein numerisk verdi (VarType) som indeheld informasjon til ein variabel.
Aktiverer eit objekt som skal adresserast under køyringa som ein strengparameter gjennom objektnamnet.
Tillet at objekt kan verta adresserte under køyringa som ein strengparameter ved å bruka objektnamnet.
Gjer at du kan definera parametrar som vert sende til ein funksjon som valfrie.
Undersøker om eit Basic Uno-objekt har støtte for bestemte Uno-grensesnitt.
Returnerer Sann viss dei to spesifiserte Basic-variablane representerer den same Uno obkjektførekomsten.