LibreOffice 7.5 Hjelp
Evaluerer ei argumentliste som inneheld eit uttrykk og ein verdi. Funksjonen Switch returnerer ein verdi knytt til uttrykket som er sendt til denne funksjonen.
Switch (Uttrykk1, Verdi1[, Uttrykk2, Verdi2[…, Uttrykk_n, Verdi_n]]) As Variant
Funksjonen Switch evaluerer uttrykket frå venstre mot høgre og returnerer verdien som er tildelt funksjonsuttrykket. Viss uttrykk og verdi ikkje er oppgjeve parvis, får du ein køyretidsfeil.
Uttrykk: Uttrykket som skal evaluerast.
Verdi: Verdien som skal returnerast viss uttrykket er SANN.
I dette eksempelet vil Switch kopla rett kjønn (gender) til namnet som vert sendt til funksjonen.
Sub ExampleSwitch
Dim sGender As String
sGender = GetGenderIndex( "John" )
MsgBox sGender
End Sub
Function GetGenderIndex (sName As String) As String
GetGenderIndex = Switch(sName = "Jane", "female", sName = "John", "male")
End Function